Hopp til innhold

Kjemperas i Veitastrond

Eit 300-400 meter breitt ras har gått mellom Veitastrond og Hafslo i Luster.

Snøskred i Veitastrond

RASUTSETT: Eit 300 meter breitt skred sperrar vegen til Veitastrond.

Foto: John Molland

– Raset er opp mot 10 meter høgt, fortel Kjell Egil Nes, som har vore på rasstaden.

Sist raset kom i denne størrelsen var bygda innesperra i ei veke.

Sterke krefter i sving

Nes er brøytemann og var på veg til rasstaden for å opne vegen for eit mindre ras som gjekk i går. Han innsåg raskt at han ikkje ville få opna vegen i dag. For foran han låg fleire hundre meter med snø.

– Eg gjekk opp på ein høgetopp for å få oversyn, og då låg snøen over heile neset og det har bredt seg langt ut over isen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøskred i Veitastrond

LUFTPUTEBÅT: Innbyggjarane skaffa seg ein lutfputebåt for nokre år sida. Denne vert no brukt til å komme seg ut av bygda.

Foto: John Molland / NRK

Bjørker ligg på vatnet

– Nokre svære bjørker står halvt oppreiste langt ut på isen.

Då raset gjekk sist gong, i 2008, var det nær 40 meter høgt. Nes trur ikkje det er like høgt denne gongen.

– Det har nok kome med meir fart denne gongen, fortel brøytesjåføren.

Bygda isolert

Veitastrond sine omlag 120 innbyggjarar må no nytte seg av luftputebåt for å kome seg ut av byda.

Kor lang tid det vil ta å rydde vekk dei enorme snømassane er uvisst.

– Det kjem heilt an på veret. Så lenge det er så dårleg ver som no kan man ikkje arbeide i området, seier Nes.

Han tvilar på at dei byrja å rydde raset i morgon, og trur det kan ta mange dagar før vegen opnar att.

– Det kan vere fare for nye ras, så vi må tenkje på tryggleiken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.