Hopp til innhold

Kjempeoverskot for oppdrettar

Pengebingen aukar for oppdrettsgründar Ola Braanaas i Gulen. Selskapet hans, Firda Management, fekk eit kjempresultat i 2011.

Ola Braanaas

MILLIONGRÜNDAR: Det er 26 år sidan Ola Braanaas starta på eiga hand som oppdrettar. No er både han og selskapet Firda Management verd millionar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Selskapet Firda Management gjekk med 133 millionar i overskot før skatt.

Oppdrettselskapet som er heileigd av Ola Braanaas i Gulen har til saman tent over 390 millionar kroner før skatt dei siste tre åra.

Og det er kjekt å vere heileigar av eit selskap som rett og slett går som det grin.

– 2011 var eit fantastisk godt år, og det er sjølvsagt hyggelig å gjere det godt, seier Braanaas.

Ikkje sett det for seg

Overskotet i 2011 kjem på toppen av store overskot også dei to føregåande åra. Året før var resultatet før skatt på formidable 157 millionar kroner, og før det igjen på vel 103 millinar kroner.

Totalt har Braanaas tent tett opp til 400 millionar kroner på oppdrett dei siste tre åra. Det er gått 26 år sidan han starta på eiga hand som oppdrettar. Braanaas seier han ikkje i sin villaste fantasi såg kva som skulle kome.

– Då eg starta dette som 23-24-åring var eg enkelt og greitt relativt ung og naiv, og kunne vel ikkje på nokon måte sjå for meg den utviklinga som har komme. Det har vore heilt fantastisk å få vere med på det, seier oppdrettsgründaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen

FLEIRE OVERSKOT: Firda Management har hatt tent til saman over 380 millionar kroner før skatt dei siste tre åra.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Høge lakseprisar

I dag sysselset konsernet vel 120 personar, dei fleste her i fylket og tyngda i Gulen. Skyhøge lakseprisar dei siste åra har bidrege til dei eineståande resultata.

Sjølv om prisane gjekk nedover mot slutten av året, var Firda Management både heldige og dyktige, dei fekk unna fisken til gode prisar. Det førte også til omsetnad på rekordstore 487 millionar kroner.

– For det første så har vi ei veldig godt drift. Vi har flinke folk som driv anlegga våre, og det er ei føresetnad for å lukkast med oppdrett. Og så hadde vi ein veldig heldig slakteprofil, vi hadde mykje laks første halvår. Andre halvår hadde vi meir ørret, og den låg litt over laksen i pris, seier Braanaas.

Ikkje like bra i år

Men oppdrett er ein risikofylt bransje. Braanaas kan alt no varsle at året i år på langt nær vil gi det same resultatet.

Inntektene frå dei siste åra blir ein viktig buffer mot dårlegare tider, i tillegg skal pengane investerast i bedrifta, mellom anna blir det bygd nytt pakkeri på Byrknesøy for 100 millionar kroner.

– Vi skal passe på å ta vare på kapitalen vår, slik at vi står det over og har moglegheit til å kjøpe oss opp i dårlege tider, seier Braanaas.

– Betyr mykje for Gulen

Og alt dette er som musikk i øyra for ordføraren i Gulen, Halvard Oppedal. Mange stadar her til lands har eigarskapet til oppdrettsanlegga forsvunne til store byar eller til utlandet. Men i Gulen er eigarskapen lokal.

– Det betyr veldig mykje. Firda Sjøfarmer og Braanas har brukt mykje pengar på utvikling. No held dei på med slakteri på Byrknes som skapar mange fleire arbeidsplassar. Vi har jo Skjerjehamn, der dei også har vore inne og brukt veldig mykje pengar på å utvikle. Utkantfestivalen er nett ferdig, og vi ser jo kva alt dette fører til, seier Oppedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen

VIKTIG NÆRING: Ola Braanaas trur oppdrettsnæringa blir ein av dei viktigaste næringane i tida framover.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Ola Braanaas er oppteken av nettopp lokalt eigarskap, og seier han er uroa over at det kan bli for mange store aktørar i bransjen og at verdiane kan forsvinne frå kysten.

– Faren for at dei ressursane som ligg i areala langs norskekysten skal bli seld til utlandet, synest eg gir eit ansvar for å prøve å behalde det i norske hender for framtida, seier han.

Blir ikkje svimmel

Og sjølv om dette lokale eigarskapet har gitt Braanaas ein svimlande rikdom, blir han ikkje svimmel av pengane sjølv.

– Det har vore eit fantastisk eventyr, men eg har ikkje eit slikt forhold til pengar at eg får ein rus av det, seier han.

Likevel synest han det er veldig godt å vite at bedrifta hans er trygg, god og solid, og at han ikkje treng å bekymre seg for morgondagen.

– Det viktigaste for meg er å få lov til å utvikle og byggje. Eg trur oppdrettsnæringa har eit enormt potensiale framover i tid, og kjem til å bli ein av Norges desidert viktigaste næringar i framtida, seier Braanaas.