Hopp til innhold

Trudde ikkje sine eigne auge då han såg laksen: - Trudde det var ei krokodille

Onsdag vart ein skikkeleg storrugg landa i Lærdalselva. Mesteparten av jobben vart gjort av to gutar på 4 og 11 år.

Kjempelaks teken i Lærdalselva

STORLAKSEN: Laksefiskar Mark Brooks frå Lærdal fekk storlaksen onsdag.

Foto: Ola Petter Bøe

– Ingen vaksne hadde fått denne fisken på land. Dei hadde ikkje hatt tolmod, seier Mark Brooks, laksefiskaren som fekk storlaksen på stanga onsdag kveld.

Brooks skulle eigentleg på reinsjakt, men med ein småsjuk 4-åring, vart det heimedag, og ein tur til elva i staden for.

Lærdalselva har vore stengt i 17 år på grunn av lakseparasittten Gyrodactylus Salaris, og er i år opna for eit forsiktig og kortvarig prøvefiske. Elva har vore ei ynda lakseelv for mange, og Kongen er ein av dei som ofte har prøvd fiskelukka på same staden som storruggen vart halt i land.

Ein langvarig og utmattande dragkamp

Far og son fekk selskap av Kut Olav Bøe på 11 år og far Ola Petter Bøe, og like etter beit det på kroken på einhands-aurestonga som Brooks fiska med. 11-åringen fekk i oppdrag å få fisken på land.

– Han stod i ein time. Då var han så utsliten at han ikkje klarte meir, så då fekk 4-åringen prøve. Han stod der i 10 minutt før han ikkje orka meir, og slik heldt dei på i to og ein halv time, fortel Brooks.

Fekk hjelp av sonen på fire år

STORFANGST: Sonen William på (4) var med på hale fisken i land.

Foto: Ola Petter Bøe

Då klokka bikka halv tolv var det bekmørkt. Minstemann var trøytt og klar for å kome seg heim, så då måtte dei vaksne trå til for å prøve å få fangsten på land. Dei tok stanga og gjekk bakover, men fekk ikkje fisken på land, og såg heller ingenting i elva.

– Såg ut som ei krokodille

Med lommelykta på mobiltelefonen som einaste lyskjelde og ein aurehov som var 30 cm djup, fekk Brooks til slutt endeleg auge på laksen.

– Eg trudde det var ei krokodille, seier han og fortel om korleis han fekk hovudet på fisken opp i den vesle hoven, armen under buken på den og drog den baklengs inn på land.

Rekordfisken som til slutt låg på land var 131 cm lang, 82 cm rundt buken, og vog mellom 26,4 og 27,5 kilo.

– Eg trur det må vere ein fisk som har gått opp i Lærdalselva for å gyte for tredje gong, for så store fiskar finst det nesten ingen av. Vi sette den raskt ut att, så nøyaktig vekt har vi ikkje, seier storfiskaren.

Det heile var så overveldande at han knapt fekk sove då han kom heim.

– Då eg la meg om kvelden låg eg berre og lo for meg sjølv. Kven får oppleve slikt, tenkte eg. Hadde vi visst at fisken var så stor, så hadde ein av oss vaksne fått hjarteinfarkt, det er eg sikker på.

Ungane si forteneste at fisken kom på land

Brooks er ikkje i tvil om kven som fortener mest av æra for at laksen i det heile tatt kom på land.

– Kroken var så liten og hadde sett seg i haka, der laksen ikkje har følelse, så den merka rett og slett ikkje at den var på kroken. Det at ungane dreiv på var bra, for ein vaksen mann hadde drege og då hadde det gått gale, seier fiskeentusiasten.

Fangsten har ført til enorm interesse i heile verda.

– Heile lakseverda engasjerer seg i dette no, og tusenvis av auge føl med på Lærdalselva på grunn av denne laksen. Det er truleg verdsrekordfangst på einhandsstang, seier Brooks.

Og det er ikkje berre hjå garva fiskarar at fangsten har vekt oppsikt.

– Eg syns det er viktig å få neste generasjon interessert i fisking også. Sidan onsdag har 4-åringen hengt rundt beina mine heile tida og vil berre fiske, og det same gjeld 11-åringen. Dei vil berre fiske.

Storlaksen vart slept fri

FRI: Etter å ha teke mål av fisken, vart storlaksen slept fri att.

Foto: Ola Petter Bøe