Arne Klausen. Arkiv NRK.
- Vi skal produsere, levere og montere sju stålbygg til Ormen Lange-utbygginga, sier Klausen.
Klausen Mekaniske hadde sagt opp alle dei 30 arbeidarane ved verksemda. No vil dei ta inn att alle saman, i tillegg til mellom fem og ti nye. Arne Klausen har tru på at dei fleste av desse 30 er tilgjengelege og stiller på igjen sjølv om dei har vore oppsagde.
Arbeidarane ved Klausen Mekaniske kjem tilbake på jobb. Arkiv NRK.
Optimisme
Saman med ein kontrakt som Klausen tidlegare har fått med Kleven i Florø, inneber dette full sysselsetting til april neste år.
- Det har vore nokre tunge år der vi fyrst måtte permittere og sidan seie opp alle arbeidararne. Men no ser det ut til å snu, seier ein optimistisk dagleg leiar.