Hopp til innhold

Kjempar vidare for køyreundervisning i skuletida

Kunnskapsdepartementet har sagt klart ifrå om at køyreopplæring ikkje er gyldig fråvær, og at det gjeld også i Sogn og Fjordane. Alfred Bjørlo i opplæringsutvalet er likevel ikkje klar til å gje opp.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

ROT OG KAOS: Alfred Bjørlo meiner regelverket og handsaminga knytt til køyreopplæring og fråvær er rotete og forvirrande. Han meiner det framleis er håp for at obligatorisk køyreopplæring kan vere gyldig fråvær.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har tolka det slik at det kan opnast for at obligatorisk køyreundervisning er gyldig fråvær. Så ser eg at kunnskapsdepartementet har ei anna, og mykje strengare tolking, men eg er slettes ikkje sikker på at Stortinget er samd i ei slik tolking, seier Bjørlo.

Han representerer Venstre i opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane, og der vedtok dei i førre veke at elevar i den vidaregåande skule skulle få lov til å ta obligatorisk køyreundervisning som langkøyring og glattkøyring, i skuletida.

Les også: Slepp fråvær for delar av køyreopplæringa

– Dei kan ikkje berre vedta det

Statssekretær i kunnskapsdepartementet Magnus Thue gjekk raskt ut og la dei planane i grus.

Magnus Thue

KRITISK: statssekretær i kunnskapsdepartementet Magnus Thue er kritisk til vedtaket i opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane

Foto: Marte Garmann

– Dei kan ikkje berre vedta det. Vi har nasjonale reglar som seier at køyretimar og køyreopplæring ikkje skal skje i skuletida, og det gjeld også i Sogn og Fjordane. Det er viktig at alle handsamar dette likt, slik at alle har dei same rettane, sa Thue til NRK.

Då skulle ein tru at saka var avgjort, og at vedtaket til opplæringsutvalet var ugyldig. Bjørlo er ikkje så sikker på det.

– Eg trur ikkje det er fleirtal i Stortinget for ei så streng tolking, og eg etterlyser Arbeidarpartiet og Senterpartiet i denne saka. Vi veit at dei også er skeptiske til regjeringa si rigide handsaming av fråværsreglementet, saman med Venstre og KrF kan dei vere med å trumfe kunnskapsdepartementet i Stortinget.

Kjøreopplæring

OBLIGATORISK: mykje av køyreopplæringa er obligatorisk, og det er denne biten opplæringsutvalet vil gjere til gyldig fråværsgrunn

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Lunken respons frå Giske

Skulepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Trond Giske er samd med Bjørlo i hans tolking av regelverket, men han stiller seg litt lunken til å gje ei hjelpande hand i Stortinget.

– Vi tenkjer også at det burde vere rom for eit slikt vedtak som Sogn og Fjordane har gjort, men det er jo uansett regjeringa som har sendt ut denne forskrifta som seier kva som er gyldig fråvær og kva som ikkje er det.

Trond Giske (Ap)

AVVENTANDE: Trond Giske i Arbeidarpartiet vil vente og sjå korleis dei nye fråværsreglane slår ut før han eventuelt går med på å reversere dei

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Giske er likevel samd med Bjørlo i at dei nye fråværsreglane er veldig strenge, men han vil gje dei litt tid før han eventuelt går med på å reversere dei.

– Eg tenkjer at vi kan diskutere dette om eit år når vi har sett kva for utslag dei nye reglane får. Før den tid trur eg berre vi må vente og sjå.