Vik kommune skal kutte på aldersheimsplassar og har difor gått inn for å gjere den velfungerande Bygdeheimen i Fresvik om til omsorgsbustader. Innbyggjarane meiner det er uverdig å kutte stillingar og køyre maten frå Vik. Onsdag var det kalla inn til bygdemøte, og rundt 70 personar møtte fram.
Dyr varmmat
Men kommunen står på vedtaket sitt. Målet med omlegginga er å spare pengar. Likevel vedgår ordførar Erik Lidal at han er usikker på den økonomiske vinsten. Han legg ikkje skjul på at utkøyring av varmmat 3,5 mil ein veg kostar meir enn det smakar.
- Skal vi køyre lange avstandar, så kan vinninga gå opp i spinninga, seier Lidal.
Utrygge
For dei 9-10 eldre på Bygdeheimen, betyr omlegginga mindre sosialt samvær, færre tilsette og større utryggleik.
- Det må då vere betre å løne folk for å arbeide på heimen, enn å løne folk for å køyre ut mat, meiner Marta Stokkenes, leiar for stiftinga Fresvik Bygdeheim.
Gjev ikkje opp kampen
- Dei vil ikkje få det same gode tilbodet som dei hadde, men dei kan kjenne seg trygge, meiner ordførar Lidal.
No er det opp til kommuneadministrasjonen korleis omleggingane skal skje. Men folk i Fresvik har ikkje gjeve opp kampen for Bygdeheimen enno.
- Politikarane har vel bestemt seg, etter som eg forstår, men vi er no bestemte vi òg, seier Marta Stokkenes