Har snart vore eitt år utan ambulanse - og lenger skal det bli

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, kan ikkje love at saka om ambulansetenesta i fylket kjem opp før nyttår. Det likar Balestrand-ordførar Harald Offerdal dårleg.

Harald N. Offerdal

VIL HA SVAR: Harald N. Offerdal, ordførar i Balestrand, vil ha ambulansen tilbake i kommunen.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Vi byrjar å bli utolmodige og vil gjerne ha eit klart svar frå styret i Helse Førde. Men vi har fått klar tilbakemelding om at dei ikkje vil seie noko før den prehospitale planen vert lagt fram, seier Offerdal.

Han møtte i dag styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, for å argumentere for ambulansetenesta i Balestrand.

– Vi orienterte om ambulansesaka frå A til Å, sett frå vår ståstad, og vi presenterte våre argument for å få behalde ambulansen i Balestrand, seier Offerdal.

Meiner responstida er 40 minutt eller meir

Balestrand har vore utan eigen ambulanse sidan 1. september i fjor, og har kjempa iherdig for å få ambulansen tilbake til kommunen.

Skulle nokon bli sjuke slik at dei har behov for sjukebil, er det personell og bil frå nabokommunen Høyanger som vert kalla opp.

Det har balestrendingane sagt klart ifrå om at dei ikkje tykkjer er godt nok. Dei er uroa over responstida som dei meiner vil vere 40 minutt eller meir.

Også Fylkeslegen har vore inne i saka, men han konkluderte i februar med at responstida er akseptabel.

Vil ha sentrale retningslinjer klare

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, peikar på at det er klare årsaker til at saka har teke lang tid.

– Vi har lenge sagt at vi skal ha ein gjennomgang på heile ambulansetenesta i fylket. Når vi ikkje har gjort den saka ferdig, så er det fordi det vert jobba sentralt med retningslinjer for prehospitale tenester og ein del av det som går på både kommunane og spesialisthelsetenesta sine oppgåver. Vi har venta slik at vi får sjå kva som kjem ut av det, seier Ringstad.

Jorunn Ringstad

VIL SJÅ TOTALEN: Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, er klar på at styret ikkje kan fatte noko vedtak før retningslinjene for prehospitale tenester er klare.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kunne ikkje Balestrand fått behalde ambulansen til dess ein kom eit steg vidare?

– Det er funne ei løysing som også Fylkeslegen har akseptert. Inntil vidare er det den løysinga som gjeld, seier Ringstad.

Vil kjempe vidare

Ho torer ikkje love at saka vert ferdighandsama på denne sida av nyttår.

– Det torer eg ikkje seie. Administrasjonen skal gjere ein jobb før vi får saka i styret, så eg vil ikkje komme med nokon spådom. Men vi tek det så fort vi får moglegheit, seier Ringstad.

Trass i at Offerdal vil ha fortgang i saka, har han forståing for argumenta til Helse Førde.

– Eg forstår at dei vil sjå ting i samanheng, men eg er ikkje veldig begeistra, seier Offerdal, som legg til at kampen langt frå er over.

– Vi kjem til å jobbe opp mot dei politiske partia og seinare opp mot styret i Helse Førde, seier Offerdal.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.