Hopp til innhold

Kjempar om storkontrakt med Cern

Fjellet i Luster kan vere ideelt for å lagre enorme mengder data. No er kommunen med i kampen om å få lagre energikrevjande data frå Cern.

LHC (large hadron collider) in its tunnel at CERN

TIL LUSTER? Luster kommune kan godt tenkje seg å lagre dei enorme datamengdene frå Cern i store fjellhallar.

Foto: MARTIAL TREZZINI / AP

- Viss vi skulle lukkast med dette, er det mykje aktivitet det er snakk om. Over tid er det snakk om ganske mange arbeidsplassar, utan at det går an å seie noko konkret no, seier næringssjef Olav Grov til NRK Sogn og Fjordane.

Forskingsinstituttet Cern i Sveits jobbar med rekonstruksjonen av det såkalla Big Bang, og treng no ein sikker og miljøvenleg stad å lagre enorme mengder energikrevjande data.

Har mange lokale fordelar

Ifølgje Teknisk Ukeblad er Norge favoritt til å få oppdraget med å lagre materiale frå Cern. Seks stader skal vere mellom dei mest aktuelle.

No håpar kommune og næringsliv i Luster at datalagringa kan hamne i Luster. Det er selskapet Bluefjords som ønskjer å byggje eit slikt datasenter ved Leirdøla Kraftverk i nærleiken av kommunesenteret Gaupne.

- Fordelane våre er for det første at vi har mykje grøn energi - mykje vasskraft. Det er også ein fordel at vi har kort veg til høgskule og forskingsmiljøet i Sogndal, og så har vi eit driftsmiljø gjennom Fjordane IT si avdeling i Gaupne, seier Olav Grov.

- Eg trur at desse tinga til saman gjer at Luster kan vere ein aktuell plass, seier han.

Kan tidlegast starte i slutten av 2012

Tidlegare har næringslivsaktørar i Vest-Oppland gått saman for å vinne anbodskonkurransen om å få lagre datamengdene. Den gongen vart kontrakten stipulert til ein verdi på 60-100 millionar kroner.

- Det er nok eit prestisjeprosjekt, nettopp fordi Cern er ein så krevjande kunde - det er ikkje eit kva som helst slags forskingsmiljø, seier dagleg leiar Dagfinn Bach i Bluefjords.

Datalagringa ligg no i Geneve, men Cern ønskjer å leggje det ein stad der det er billeg og rein energi.

- Oppstarten blir nok tidlegast i slutten av 2012. Det tek veldig lang tid å flytte eit slikt senter, seier Bach.