Hopp til innhold

Festivalen der storleiken verkeleg tel

Det handlar om mest og størst fisk når landets ivrigaste havfiskarar er samla til festival i Måløy.

Torstein Osmundsen - Havfiskefestivalen i Måløy

TO PÅ OVER 10 KG: Torstein Osmundsen med dei to største frå sin fangst etter dag éin av årets havfiskefestival.

– Det har vore ein veldig fin dag, konkluderer Torstein Osmundsen når NRK.no møter han på kaia i Måløy fredag ettermiddag.

Måløy Havfiskefestival 2014

FISKEPRAT: Dagens fangst blir nøye drøfta på kaia i Måløy.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Rogalendingen har nett fått vite vekta på dei to største ruggane han har drege i land etter dagens fiske.

– 10,56 kilo. Ein raud og fin taretorsk på 90 centimeter, seier havfiskaren nøgd.

Det held til ei mellombels leiing i fiskekonkurransen som også er ein del av Norgescupen i havfiske. Det er det handlar om i to dagar for 75 ivrige havfiskarar, dei fleste menn.

To dagar med fem timar fiske

For tredje år på rad blir Måløy Havfiskefestival arrangert. 75 deltakarar blir fordelt på småbåtar og sjarkar. Dei fem timar fredag, og fem timar laurdag, på seg til å fiske i havområdet rundt Vågsøy.

– Dei konkurrerer om å få størst fisk, og flest artar over to dagar, forklarer Nils Myklebust i arrangørkomitéen.

Måløy Havfiskefestival 2014

TORGET ER BASEN: Fiskarane kjem i land midt i Måløy sentrum.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Han kjenner seg trygg på at den med best utstyr og best fisketekke står att som vinnar nå festivalen er over. Det vil seie, vinnaren blir kåra på den store festbanketten i Måløy laurdag kveld. Der blir det truleg eitt tema rundt borda: Fisk. Stor havfisk.

– Det er ein festival som har komme ut av ein del veldig entusiastiske folk som elskar å fiske, fastslår Myklebust som sjølv er gammal fiskebåtkaptein.

Harde tak på grunna

Fiskekonkurransen startar – sluttar – på torget i Måløy. Her kjem fiskarane inn att med dagens fangst. Fleire NRK.no snakkar med rapporter om skuffande fangst. Men Torstein Osmundsen frå Nord-Jæren Havfiskeklubb er strålande nøgd.

– Det har vore ein veldig fin dag. Det begynte med litt regn, men vart finare og finare utover dagen, seier havfiskaren som også deltok på fjorårets festival.

Men den store fangsten fann Osmundsen ikkje ute på dei store havdjupnene.

Måløy Havfiskefestival 2014

SORTERING OG VEGING: Dei ulike fiskeartane blir registrert, fisken vogd og nøye registrert.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Eg var heldig. Eg kom inn på grunna. Der var småseien og torsken følgde etter. Så det var kjekt. Han er rund og fin, konstaterer fiskaren som kan skryte over å ha sikra seg to torsk på over 10 kilo. Den største måtte han jobbe litt med. Ein kort, men intens kamp, ifølgje han sjølv.

– Ein kjente at han trakk. Det var harde tak, seier Osmundsen som deltek i Måløy for andre år på rad.

For heile familien

Festivalen byr også på aktivitetar for dei som ikkje fiskar, om enn med fisk i fokus. Ikkje minst for dei minste, forklarer Rita Andal som ei av dei mange frivillige..

– I dag har vi mellom anna invitert barnehagane til noko vi kallar havets skattekiste. Der har borna fått laga sin eigen sjømat og ete. Elles har vi Elias-båtar. Vi har fisk, båtar, bøtte, vatn, tang og tare. Ikkje dei store tinga. Men ungane elskar det. Vi ønskjer å lage ein festival for heile familien, seier Andal.

Men for nokre er det sjølve havfisket som gjeld. Laurdag morgon er Torstein Osmundnes klar for fem nye timar til havs i kampen om troféet.

– Då får vi prøve å gjere det beste!