Hopp til innhold

Kjempar mot vindmøller

Vindkraftmotstandarar i Gulen har no lagt ut eit opprop på internett mot Brosviksåta vindpark. Motstandarane ynskjer å samle underskifter for å få stogga planane om 36 vindturbinar på fjellet Brosviksåta.

Vindmøllepark
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Talsmann Leiv Henriksbø seier vindturbinane vil bli så dominerande at dei fryktar det vil gå ut over reiselivet i området.

– Vi vil jo helst få vekk heile anlegget. Desse vindmøllene blir godt synlege i kystområdet. Vi meiner ei utbygging på Brosviksåta vil vere uheldig uheldig for reiselivssatsinga i kommunen

Så langt har 85 personar skrive under på oppropet. Planane om vindkraft i Gulen er høgst omstridde. Kommunestyret har tidlegare sagt ja til vindkraft på Brosviksåta, men det vekte sterke reaksjonar då NVE også opna for vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet, som kommunen hadde sag nei til. Torsdag kjem denne saka opp i kommunestyret.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal

Foto: Gøril Sætre

– Det vil sjå rart ut om kommunestyret då skulle klage på avgjerda om Brosviksåta som har gått i vår favør. Det seier ordførar Hallvard Oppedal.

- Men privatpersonar og organisasjonar står jo fritt til å klage om dei ynskjer det, legg han til.

Vindkraft i kommunstyret

Når kommunestyret torsdag skal handsama vindkraftsaka handlar det om ein skal klaga på avgjerda om Dalsbotnfjellet.

– Det blir jo opp til kommunestyret å avgjere kva vi endar opp med torsdag, men eg er av den klare meining at vi bør klage på avgjerda. Både på prinsipielt grunnlag, men og fordi ein ikkje følgjer lokaldemokratiet og vi får ei så stor utbygging som vi gjer i det området.

Støttar klage

Dette er noko også motstandarane av utbygging på Brosviksåta stiller seg bak. Henriksen seier dei spesielt protesterer mot at NVE ikkje har funne ei løysing på linjeframføringa gjennom Dalsdalen som er tilfredsstillande for Luftsportsklubben på Dalsøyra.

– Her ber vi om at kraftlinja anten må gravast ned eller førast austafor Dalsdalen, seier Henriksbø.

Henriksbø seier Gulen har to store turistmessige fyrtårn i kommunen, nemleg Skjerjehamn med statuen av Kong Olav V og Tusenårsstaden til fylket rett utanfor kommunesenteret Eivindvik.

– Rett nok vil vindmøllene på Brosviksåta ikkje bli synlege verken på Tusenårsstaden eller på den eigentlege Gulatingsstaden i sentrum av Eivindvik, men dei vil vere godt synlege i Midtunvågen, ein plass som turistane må reise forbi for å kome ifrå den eine historiske og kulturelle staden til den andre.