Hopp til innhold

Kjempar mot brannane i Sverige: – Ser ut som eit månelandskap

– Folk er takksame for at vi hjelper til, og det er givande å vere her, seier Øystein Skovro frå Jølster. No er han i Sverige for å sløkke skogbrannar.

Øystein Skovro

I BEREDSKAP: Øystein Skovro jobbar i Nord Helikopter som har sendt helikopter til Sverige for å hjelpe til i sløkkearbeidet. No er han hyra inn av eit anna selskap nokre dagar.

Foto: Privat

Det er svært utfordrande å få kontroll på dei mange skogbrannane i Sverige, og brannmannskap frå fleire land hjelper til sløkkearbeidet. Det er no 17 skogbrannar og tre grasbrannar, opplyste innanriksminister Morgan Johansson på ein pressekonferanse, ifølgje SVT.

Skogbrann i Sverige

ULMAR: Det blir drive mykje ettersløkking i området.

Foto: Øystein Skovro

Øystein Skovro jobbar i Nord Helikopter og er hyra inn for eit anna selskap som mangla folk. Helikopterpiloten er no stasjonert på ein flyplass i Herjedalen. Det har vore ei spesiell oppleving å sjå området frå lufta.

– Det er store område som er heilt svartsvidde. Det er mykje mose som er brent vekk, så mykje stein har kome fram. Dermed ser det ut som eit månelandskap.

Fryktar nye brannar

Dei siste dagane har det ikkje vore dei store brannane i dette området, men Skovro og dei andre driv mykje med ettersløkking.

– Det ulmar i mose, gras og skogbotn. Temperaturen skal auke, så dei fryktar at det vil ta seg opp dei neste dagane.

Helikopteret han flyg kan ta 1500 liter i kvar vassbøtte. Vatnet blir henta opp frå tjern eller innsjøar i området og enkelte plassar har 200 vassbøter blitt dumpa på den same plassen.

FRÅ LUFTA: Helikopterpilot Øystein Skovro har filma eit av områda med skogbrann.

– Varmt

Mannskap frå fleire land deltek i kampen mot skogbrannane, under krevjande forhold. Søndag måtte fleire brannfolk reddast ut av eit område i Dalarna etter at dei blei omringa av brann. Skovro seier tryggleiken er i fokus.

– Vi må passe på at det er trygt for oss i lufta, men også for dei på bakken. Vi prøver å tenkje kor brannen kan flytte seg i forhold til folk og hus. Det er mykje folk på bakken, og vi må passe på kor vi slepp vatnet ned slik at vi ikkje treff nokon.

Det mest utfordrande har vore varmen, både for dei på bakken og dei i lufta.

– Det er som å sitje i ein bil med motorsykkelhjelm, utan air condition og med 30 varmegrader ute. Og når vi sit der fleire timar i strekk, er det dette vi må vere mest merksame på.

Skogbrann i Sverige

SVIDD: Skog for fleire hundre millionar kroner er svidd vekk i Sverige.

Foto: Øystein Skovro

Sett pris på

Tysdag føremiddag sit han på basen og ventar på å bli kalla ut.

– Vi har beredskapsvakt for å hjelpe til om det skulle blusse opp. Det skiftar heile tida, frå å vere roleg til at det ein time seinare er ragnarok og null kontroll.

Førebels er det uvisst når han kan reise tilbake til Noreg.

– Vi tek ein dag om gongen. Vi får bidra på ein heilt annan måte enn i kvardagen, og alle set stor pris på det vi gjer.