NRK Meny
Normal

Kjempar imot cruisekai

Folk som bur i Kaigata på Nordfjordeid er opprørte over at rådmannen i Eid ikkje tek omsyn til deira innvendingar mot den planlagde cruisehamna.

Ernst Husevåg og Rita Karin Nyland

REDDE FOR GRUNNEN: Rita Karin Nyland ved ein stein som er blitt skeiv på grunn av setningsskadar.

Foto: Marianne Rotihaug

– Vi bur i eit område der det har vore store setningsskadar. Siste året har vi oppdaga at det framleis er ting som skjer i grunnen. Vår største bekymring er korleis stor auke i trafikken vil påverke ein allereie ustabil grunn, seier ein av naboane Rita Karin Nyland.

Opphavleg var det sagt at det kunne vere behov for opp mot 50 bussar for å frakte cruisepassasjerane til attraksjonar rundt om i Nordfjord. No er det redusert til mellom 20 og 30. Fjordenes Tidende har også omtalt saka, som skal opp i teknisk utval komande torsdag.

– Vi er og bekymra for kva som kan skje når store cruiseskip ligg med propellane i gang og korleis det vil påverke havbotnen. Vi har heller ikkje fått vite kven som skal betale kostnadene dersom det blir skadar.

– Har inkludert innspel

Rådmannen rår til at politikarane godkjenner planane om å byggje ein såkalla seawalk. Fungerande rådmann, Elin Leikanger meiner dei også har teke omsyn til dei negative merknadane som har kome inn.

– VI kan ikkje kome dei i møte på alle punkt. Alle merknadane blir lagt ved saka, så når dei skal handsamast politisk kan dei folkevalde få innsyn i alt dette. Dei kan sjølvsagt kome til andre konklusjonar enn administrasjonen har gjort.

Trur ikkje på landstraum

Rita Karin Nyland meiner elles at det ikkje finst dokumentasjon for at den flytande cruisekaien kan utstyrast med landstraum, slik Eid kommune meiner dei skal få til.

– Og om det ikkje blir landstraum må skipa ligge med motoren i gang. Slike skip har like mykje utslepp som mellom 1300 og 6000 dieselbilar. Det blir ganske «heavy» rett nedanfor altanen vår, så det er ikkje noko vi set pris på, seier Rita Karin Nyland.

Ho er opptrekt over at ein ordførar frå miljøpartiet Venstre arbeider for å få ei cruisekai på Nordfjordeid.

– I og med at Alfred Bjørlo var viljug til å lenke seg fast for Førdefjorden trudde eg han ville gjere det same for sin eigen fjord. Men det er visst tydelegvis andre interesser som veg mest for Venstre.

Bjørlo

– UTVIKLING OG MILJØ HAND I HAND: Ordførar Alfred Bjørlo (V).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fell på eigen urimelegheit

Ordførar Alfred Bjørlo seier at eit samrøystes kommunestyre for fleire år sidan vedtok at dei ville byggje cruisekai.

– Så vi driv eigentleg berre og gjennomfører det vi har vedteke.

Han understrekar at kommunen også har sett på negative følgjer av etableringa.

– Vi har gjort grundige kartleggingar av konsekvensane for natur og miljø, så vi veit at det mellom anna ikkje er noko trugsmål mot villakse og naturverdiane. Og vi byggjer ein kai som er tilrettelagd for landstraum på sikt. Næringsutvikling og miljø skal gå hand i hand.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.