NRK Meny
Normal

Miljøforkjemparar og venstrefolk har ikkje gitt opp kampen for vindkraft

Trass i at delar av kraftbransjen har mista trua på vindmøller, har miljørørsla og Venstre framleis trua.

Visualisering vindkraft Okla på Stad.

DET VART MED PLANANE: Eitt av vindkraftprosjekta som ikkje er realisert - Okla på Stad.

Foto: Visulaisering: Trond Simensen, SWECO Grøner

Kraftselskap på Vestlandet har tapt ein kvart milliard på satsinga utan at dei har fått opp ei einaste vindmølle.

Siri Hall Arnøy i miljøorganisasjonen Zero trur møllene vil kome dersom politikarane aukar støtta til utbygging.

– Svaret no er ikkje å bremse opp på fornybarutbygginga. Svaret er å syte for at vi får brukt meir av straumen på rett måte.

Siri Hall Arnøy

– MÅ IKKJE BREMSE OPP: Siri Hall Arnøy i Zero.

Foto: Zero

Måndag kunne NRK fortelje at kraftselskap på Vestlandet har tapt ein kvart milliard på sine vindkraftsatsingar. Låge kraftprisar og dårlege politiske rammevilkår gjer det lite lønsamt å byggje ut vindkraft.

– Må få same vilkåra som Sverige

Men miljørørsla har framleis von om vindkraft. Difor vil dei samkøyre reglane for avskriving av nye anlegg med dei langt gunstigare svenske reglane.

Norge har i dag felles straummarknad med Sverige. Om ikkje Norge byggjer ut ved hjelp av grøne sertifikat vil svenskane gjere det. I Sverige har tempoet vore høgare, og så langt har naboane vunne kampen om å byggje ut raskast som følgje av den grøne sertifikatordninga.

– Målet vi sette då vi laga eit felles sertifikatstøtteordning med Sverige var at vi skulle få til å byggje ut omtrent halvparten av den nye fornybare energien vi støttar i Norge. Det målet når vi ikkje når dei svenske rammevilkåra er så mykje betre enn dei norske, seier Siri Hall Arnøy.

Men kraftbransjen strevar alt i dag med overproduksjon av straum og låge prisar, og i går sa konserndirektør for energi i BKK, Wenche Teigland, at ein skal vere varsam med meir subsidiering.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

– NO ELLER ALDRI: Alfred Bjørlo (V).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK


– No eller aldri

– Vi er innstilt på at elsertifikatmarknaden skal bli fullført fram mot 2020, men så trur vi at vi skal vere meir forsiktige med subsidiar.

Men trass i åtvaringa vil Venstra på Stortinget ha betre vilkår for vindkraft. Nyleg varsla partiet dette som eit krav i forhandlingane om statsbudsjettet til hausten.

Alfred Bjørlo er fylkestingsrepresentant og sit i sentralstyret til partiet. Han meiner det hastar å gjere noko slik at det ikkje berre er svenskane som får byggje ut.


– Det er no eller aldri. På statsbudsjettet for 2015 må vi få på plass konkurransedyktige rammevilkår for utbygging av vindkraft og annan fornybar energi.

Vegopning på Bergum i Førde kommune