Hopp til innhold

Kjempar for nok ein smultring og EM-billett

Det er ein lang veg frå trening med Høyang om morgonen før skulen, til avgjerande EM-kvalik-kamp mot Italia på mektige Olympiastadion i Roma. Even Hovland har jobba svært målbevisst for å kome seg dit.

Even Hovland

TAKKAR BORTEFANSEN: Her takkar Even Hovland bortefansen etter den sterke 1–0 sigeren borte mot Bulgaria tidlegare i kvalifiseringa. Foreldra heime i Vadheim trur på same resultat mot Italia i kveld.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Even har kjempa for dette sidan han var ein liten gut. Han har nådd sine mål så langt. Men ingenting er gratis, og han har jobba hardt for dette, seier far Oddvin Hovland.

Når Norge spring ut på Olympiastadion i kveld ventar ei nesten umogleg oppgåve. Etter all sannsynlegheit må landslaget slå Italia på bortebane. Heime i stova i Vadheim sit eit stolt foreldrepar og ser på sonen sin.

– Vi følgjer litt ekstra med på Even og det han gjer. Vi er sjølvsagt glade og stolte, seier Oddvin.

Lang veg til Italia

Even Hovland starta karrieren i Vadheim. 26-åringen har vore fotballfrelst frå han var svært ung.

– Frå barnehagen var han med skuleungane i friminutta og spelte fotball. Når han var ferdig med miniputt i Vadheim, var det til Høyang, fortel faren.

Der skaut utviklinga fart.

– Høyang hadde lagt veldig godt til rette for at dei fekk trene om morgonen før skulen. Der tok han store skritt i aldersbestemt.

Even Hovland

SOGNDAL: Her er Hovland i aksjon for Sogndal i 2010. Sidan den gongen har han gått utanlands og etablert seg på landslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter fleire suksessrike år i Sogndal, med Kniksenprisen i 2011 som eit av høgdepunkta, gjekk turen til Molde der han var med på å vinne seriemeisterskap og cupgull. I 2014 gjekk han til tyske FC Nürnberg.

– Det er nye klubbar, nye treningskvardagar og nye måtar å trene på heile vegen. Han har jo også hatt ein del skadar, som vi no får håpe han er ferdige med, seier faren.

Trur på siger

Even Hovland har vore ei klippe i det norske forsvaret med makker Vegard Forren. Det må dei vere også i kveld, om Norge skal ha håp om siger.

– Det er jo eit av dei aller beste fotballaga i Europa, så det blir vanskeleg. Men Italia er klare for EM allereie, så vi kan jo håpe, seier Oddvin Hovland

Dei fire siste EM-kvalik-kampane har enda med null baklengs. Skulle Forren og Hovland leie laget til nok ein smultring, er den umoglege draumen om direkte kvalifisering langt meir realistisk.

Foreldra heime i Vadheim trur i alle fall på det.

– Vi tippar 0–1. Norge vinn 1–0.