Hopp til innhold

Kjempar for kreftkirurgien

Magekreftoperasjonane ved Førde sentralsjukehus blir truleg sentraliserte til Haukeland. Brystkreft- og nyrekreftkirurgien blir verande i Førde, men samarbeidet med Bergen må bli tettare, skriv Firda. Desse endringane blir no skisserte i eit framlegg til ny organisering av kreftkirurgien og annan planlagd kirurgi i Helse Vest. Framlegget blir lagt fram for styret i Helse Førde måndag, og det speglar ein helsekvardag der statlege krav set spesialiserte helsetilbod ved mindre sjukehus under press, skriv avisa.