Hopp til innhold

Kjempar for flyplassane

Alle dei fire flyplassane i fylket må få leve vidare og Florø må få pengar til ombygging. Det var den klare meldinga frå eit samrøystes samferdselsutval til regjeringa som høyringssvar om framtidas flyplasstruktur. Fylkespolitikarane krev samtidig at framtidige utgreiingar om å leggje ned flyplassar, tek for seg konsekvensane for alle kommunar og tettstadar i nabolaget til flyplassen, ikkje berre nokre få utvalte.