– Vi er avhengig av eit samfunn med gode lesekunnskapar, og det er bokbåten med på å skape, seier Vik.
Kulturtilbodet Bokbåten har sidan 1964 teke med seg bøker og arrangement til utkantane i Sogn og Fjordane og Hordaland. No ser det ut til at bokbåten strandar.
For dyrt
Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane meiner det blir for dyrt å oppretthalde tilbodet - ein har ikkje lenger råd til driftsutgiftene på 1 million kroner i året.
I fjor vart det lånt ut 20.000 bøker og lydbøker. Omlag halvparten av desse vart lånt ut til born.
Breitt tilbod
Båten har òg teke med seg andre former for kultur til utkantane retta mot born og unge, mellom anna dokketeater, klovnar og musikk, fortel Gerd Vik.
1900 personar besøkte desse førestillingane. For desse og dei som låner bøker har ein ingen alternativ til båten som no forsvinn.
Bokbåten Epos er ute to gonger i året i Sogn og Fjordane. Ein tur i februar-november og ein i oktober-november.