Hopp til innhold

Kjempar for å tømme havaristen for vatn

Mannskap frå reiarlaget, kystvakta og redningsskøyta jobbar no på spreng for å pumpe ut vatn og dermed hindre at frakteskipet «Selvaagsund» går ned.

Kystvakta ved havaristen i Solund

TØMMER SKIPET: Det er sett i verk omfattande pumping av havaristen «Selvaagsund» i Solund.

– Vi veit at det kjem om lag like mykje vatn inn som blir pumpa ut, det er informasjonen vi har fått frå reiarlaget. Det er reiar som vil leggje fram ein tiltaksplan, seier vaktleiar Jan-Ivar Meldre i Kystverket.

Det er reiarlaget Berge AS på Hitra som eig skipet, og som har ansvar for at havaristen skal bli stabil nok til at den kan dragast av grunn. Havariet skjedde klokka 02.54 natt til i dag, då skipet var på veg sørover frå Florø i retning Tyskland.

– Alltid fare for akutt ureining

– Båten var på veg frå Florø til Tyskland med grus då den grunnstøytte ved Sumarsøyna i Solund, sa reiar Magne Berge til NRK i dag tidleg.

Kystverket ventar no ei avklaring på om slep kan gjennomførast i løpet av kvelden eller natt til i morgon, og har rekvirert ein slepebåt som er på veg til området.

– Om fartøyet kan gå for eiga maskin eller må slepast, kan vi ikkje spekulere i på noverande tidspunkt. Det er alltid ein fare for akutt ureining når eit fartøy står på grunn. Vi følgjer med og etablerar ein tilpassa beredskap, slår Meldre i Kystverket fast.

«Selvaagsund» på grunn i Solund

ROLEG SJØ: Kystvaktskipet Tor ligg ved havaristen.

Foto: KV Tor / Kystvakta

Sender ned dykkarar

Reiarlaget skal i løpet av ettermiddagen sende dykkarar ned for å sjå på skadane på skroget, men førebels er det ingenting som tyder på at det har gått hol på ballasttankane, eller andre kammer med drivstoff.

– Den informasjonen vi har er at det ikkje er sannsynleg at båten går ned, men det kan vi ikkje spekulere i. Vi har ingen oppdatert tidsplan for når eit avtrekk vil kunne skje. Det viktigaste no er at fartøyet blir tetta og blir stabilisert.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt opplyser at det ikkje er mistanke om promille i samband med grunnstøytinga.

Båten som gjekk på grunn i Solund.

RUTA: Her gjekk frakteskipet «Selvaagsund» frå Florø, før dei grunnstøytte i Solund. Skipet var på veg til Tyskland med grus.

Foto: Marine traffice.com