NRK Meny
Normal

Kjempar for å få minst 100 arbeidsplassar hit

Når Politidirektoratet no skal vurdere kor dei skal plassere eit sentralt løns- og rekneskapssenter for politiet, bør Florø stå sterkt, meiner fylkesutvalet.

Politihuset i Florø

KAN FÅ NYE OPPGÅVER: Både fylkesutvalet og dei tilsette i politiet i Sogn og Fjordane håpar dei nye arbeidsplassar til Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den 14. mars vert høyringa om etableringa lagt ut, og i ei fråsegn gir fylkesutvalet i Sogn og Fjordane klar tale om kva dei meiner; senteret bør leggjast til Florø.

– Det er snakk om hundre stillingar eller meir. Det er ei stor eining, og det vil vere viktig å vere med i kampen om lokalisering av dei plassane. Det er forventa at politidistrikt som har blitt så hardt ramma som Sogn og Fjordane blir tilgodesett på andre område, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Krev kompensering for tapt politidistrikt

1. januar vart Sogn og Fjordane politidistrikt lagt under Vest politidistrikt, og operasjonssentralen i Florø vil etter kvart vere historie. Fylkesutvalet meiner dette bør kompenserast for.

Jenny Følling

KJEMPAR: Fylkesordførar Jenny Følling er innstilt på å jobbe hardt for å få senteret til Florø.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er sagt at dei som har mista politidistrikta sine, at ein der skal sjå på lokalisering av andre oppgåver, seier Følling.

Dei meiner også at Sogn og Fjordane har god erfaring med å handtere statlege oppgåver, og trur difor at Florø vil eigne seg godt for eit slikt senter.

– Vi har både Lotteri- og Stiftelsestilsynet og Difi, så vi greier å skaffe god kompetanse til slike oppgåver, seier fylkesordføraren.

– Kvifor ikkje Florø?

Visepolitimeister Ronny Iden i Vest politidistrikt, seier det ville vore flott å få ein slik arbeidsplass til Florø.

Visepolitimeister Ronny Iden innrømmer at aksjonane i Vevring gjer at andre politioppgåver blir nedp

HÅPAR: Visepolitimeister Ronny Iden vil gjerne ha nye stillingar til Florø.

Foto: MONTASJE NRK

– Det ville gledd meg, og sjølvsagt alle dei som er involverte i dette i Florø og i fylket elles, seier han.

Iden meiner det vil vere openbert viktig for dei tilsette, og heile Florø, å få tilført nye arbeidsplassar når andre forsvinn. I tillegg meiner han dei har kompetansen som trengst.

– Den har vi her ute med dei som har drive med dette frå før, og så er det meininga at eit slikt senter skal få tilført kompetanse frå resten av politi-Norge. Ein stad i Norge skal dette liggje, og kvifor ikkje Florø?

Viser til fleire argument

I tillegg til å vise til målsetjinga om ei spreiing av statlege arbeidsplassar, argumenterer fylkesutvalet mellom anna med at Florø allereie har eksisterande kompetanse, at oljekrisa fører til aukande arbeidsløyse og at politiet har langvarig kontrakt om politihuset.

Følling meiner ikkje det vil vere naturleg å leggje senteret til dei største distrikta som allereie er pressa frå før.

– Dette er fellestenester som Politidirektoratet samlar inn frå alle politidistrikta og skal lokalisere ein stad, og då meiner vi at Florø er ein god plass.

Vegopning på Bergum i Førde kommune