Hopp til innhold

Kjempar for å bevare det einaste tollkontoret

Fylket rustar seg til politisk kamp for det einaste tollkontoret i fylket.

Åshild Kjelsnes/tollar (Montasje)

STÅR SAMAN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har med seg eit samla politisk miljø når dei skal kjempe for tollkontoret i Måløy.

Foto: NRK/Birger Kjølberg, NRK

Eit samla politisk miljø står bak fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) når ho vender seg til direktoratet og alle aktuelle departement for å stoppe nedlegginga av tollkontoret.

– Det er ikkje noko særleg å skulle bli ei frisone i forhold til kriminalitet fordi det manglar toll i Sogn og Fjordane.

Kontoret i Måløy er føreslått nedlagt av Tollregion Vest-Norge, etter at dei to siste tilsette sa opp jobbane sine i protest. Leiar Fredrik Støtvig i Tollforbundet fryktar det vil gjere det enklare for smuglarar.

– Det betyr at det blir område i Norge der det kan bli enkelt å smugle eller unndra avgifter.

Trur kontrollen blir kraftig redusert

Tollkontoret i Måløy er det einaste i Sogn og Fjordane. Eigentleg skulle det vere fire tilsette, men dei siste to sa opp jobbane sine i protest i juni. Dei meinte dei ikkje fekk nok ressursar til å gjere jobben sin.

No har Tollregion Vest-Norge føreslått å leggje ned kontoret. Det er leiar Fredrik Støtvig i fagforeininga Tollforbundet ueinig i.

– Vår erfaring er at kontrollen blir kraftig redusert på desse stadane, seier Støtvig.

– Skrivebordsvurderingar

NRK har vore i kontakt med Kari Tytingvåg Silden som sa opp stillinga si som kontorsjef. Ho vil ikkje la seg intervjue, men meiner det er viktig at kontoret får leve vidare, både for næringsliv og privatpersonar. Ho får støtte frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

– Det er uakseptabelt at desse skal måtte halde seg til tollteneste utanfor fylket. Det er både fordyrande og tidkrevjande.

Direktoratet peikar på at Sogn og Fjordane skal bli dekka ved hjelp av mobile einingar som skal flytte seg rundt.

– Eg tykkjer direktoratet har mange skrivbordsvurderingar i forskjellige samanhengar. Dette viser at dei ikkje kjenner geografien i fylket særleg godt, seier Kjelsnes.

– I deler av fiskeflåten eksisterer det narkotikaproblem og smugling blant mannskapet. Utan ein aktiv tollstad risikerer vi at desse problema vil auke monaleg. Vi er alt kjende med at det i nokre miljø vert snakka om Sogn og Fjordane som ei «frisone», seier fylkesordføraren.

Trur det bli ei politisk sak

Fredrik Støtvig i Tollforbundet seier det truleg er finansministeren som må ta endeleg avgjerd.

– Eg trur dette blir ei politisk sak og at det er finansdepartementet som til slutt tek avgjerda, seier han.

Tollregion Vest-Norge har ikkje hatt høve til å la seg intervjue om denne saka.