Hopp til innhold

Kjempa Sevilla i senk i Europa League - no må han kjempe for plassen på laget

MOLDE - SEVILLA 1-0 (NRK): Per Egil Flo spelte ein god kamp då Molde slo Sevilla i Europa League. Han er likevel budd på å måtte slåst for plassen på laget når eliteserien startar.

Per Egil Flo i duell med Federico Fazio på Sevilla

GOD KAMP: Per Egil Flo viser musklar i duell med Federico Fazio på Sevilla. Molde vann kampen, men er ute av europacupen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette gav meg ei god kjensle. Vi gjer ein god prestasjon. Hadde utgangspunktet vore betre, kunne vi stressa dei litt meir, seier Per Egil Flo til NRK.no.

27-åringen spelte heile kampen, då Molde kjempa dei spanske favorittane frå Sevilla ut av stilen og vann 1-0 på heimebane. Det heldt likevel ikkje til avansement – dei regjerande meistrane gjekk vidare med 1-3 samanlagt.

– Vi hadde fleire sjansar til å score mål. Hadde vi fått ein til, kunne det blitt spennande. Då hadde vi kanskje fått ekstraomgangar også, seier Flo.

Var solid defensivt - og etterkvart også framover

Stryningen spelte ein solid defensiv kamp frå posisjonen sin på venstrebacken. Utover i kampen kom han også meir med i det offensive, og hadde fleire farlege innlegg som fort kunne resultert i nettkjenningar.

Men det kanskje aller viktigaste var ei redning på streken.

– Eg er nøgd med eigen innsats. Det var artig utpå der, smiler Flo.

Reknar med hard kamp om plassen på laget

Molde er no ute av Europa League, men seriestart i eliteserien er berre nokre få veker unna. Der er Flo & co ute etter seriegullet – og Flo er budd på å måtte kjempe om plassen på backen med Knut Olav Rindarøy.

– Vi har byta ein del på den passen. Eg reknar med at det blir ein del rulleringar i år også. Rindarøy er ein god spelar, så det er hard kamp om plassen, seier Flo.

– Kva er ambisjonane framfor denne sesongen?

– Vi må prøve å vinne serien igjen. Vi kan ikkje la Rosenborg sitje på trona for lenge. Om vi spelar slik som i dag, er vi godt på veg, seier den tidlegare Sogndal-spelaren.