Hopp til innhold

Kjempa om å bli siste ølpolkunde

Like før stengjetid var det mange kundar innom dørene ved Førde ølutsal. Nokre av dei hadde eit spesielt mål, nemleg å bli siste kunden.

Det klirrar når dei siste ølflaskene skal leggjast i posane og det pip i kassaapparatet. Det er rett før stengjetid på den aller siste dagen for Førde ølutsal og det er mykje folk i butikken.

Førde har lenge vore ein av tre kommunar i landet med eit eige ølpol, men i slutten av april vedtok kommunestyret at også førdianarane skal få kjøpe øl i butikkane. Då butikkane hadde fått løyve, vedtok Førde ølutsal å stengje dørene 30. juni.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde ølutsal

KVEN BLIR SIST: Eirik Ødelien, Stian Jakobsen og Bjørn Møvik vil alle bli siste kunden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sleppte forbi andre kundar

Mellom dei som hadde teke turen laurdag ettermiddag, var Eirik Ødelien og Stian Jakobsen. Begge ville vere siste kunden og ingen av dei ville gi seg. Dei sto bakerst og sleppte forbi alle som ville handle.

Men dei hadde ikkje rekna med Bjørn Møvik, også han ville vere sistemann. Sekundane tikka mot klokka 18 og ingen hadde tenkt å gå foran dei andre.

– Eg er nesten litt skjelven på handa, seier den eine av dei.

Men då klokka var seks, var tida inne til å handle. For at dei i det heile teke skulle bli ein av dei som blei siste kunde, inngjekk dei eit kompromiss.

Dei la ølboksane på kassabandet og handla alt saman. Dermed blei dei tre karane dei siste kundane ilag. Ei løysing dei tykkjer er grei nok.

– Det er eit greitt kompromiss, seier dei.

– Mange som er imot

Ølavdelinga på Coop Extra i Førde

SISTE INNSPURT: Alle matbutikkane har måtte lage eigne avlukke for øl. Her frå Coop Extra.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frå måndag er det klart for butikkøl i ni daglegvarebutikkar i Førde. Her har det vore hektisk innspurt med å få alt klart, med ølet plassert i eigne avlukke.

Thomas Bruket som står bak kassen ved ølutsalet tykkjer det er litt trist at det er siste dagen.

– Det er faktisk mange av kundane som er imot øl i butikkane, seier han.

Heller ikkje dei tre som blei dei siste kundane, likar at det er slutt på ølpolet.

– Vi er ikkje nøgde med at dei stengjer. Det er ei politisk skandale, men det er no så, seier Jakobsen.