Hopp til innhold

Kjempa om å bli den beste yrkesfageleven

Yrkesfagelevar frå heile fylket har målt krefter, kunnskapar og teknikk mot kvarandre. For nokre stod det på sekund.

Christoffer Skår

KAMP: Christoffer Skår deltok som ein av over hundre elevar i kampen om å bli best av yrkeselevane i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg er litt nervøs, eg er ikkje vand til slikt press, seier Christoffer Skår.

Han lyser med lommelykta opp under ein bil og har 20 minutt på seg til å sjekke om bremsesystemet er som det skal. Saman med kring 100 elevar har han brukt dagen til å vide fram kva han har lært i løpet av tida si som elev på yrkesfagleg utdanning i Sogn og Fjordane.

Ørjan Sværen er godt i gang med konkurransen.

KONSENTRERT: Ørjan Sværen må ha full kontroll på detaljane skal han gå sigrande ut av konkurransen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det er litt meir press her enn i ein vanleg skuletime. Det er viktig for skulen sin del at eg gjer det bra. Og det er kjekt med litt konkurranse, seier Ørjan Sværen. Han er også midt i konkurransen og prøver å sveise slik at dommarane får det dei er på jakt etter.

Får sjå faga i praksis

Dei siste åra har det vore mange negative oppslag om yrkesfag, og spesielt at mange av elevane på desse faga droppar ut av skulen.

– Eg syns det er ei fin linje. Eg er framleis usikker på kva eg vil bli, for vi kan bli så mykje; sveisar, platearbeidar eller industrimekanikar, ramsar Sværen opp.

Medan 1.- 2. og 3-klassingane kjempar om å gå sigrande ut av dei 18 ulike konkurransane som går føre seg, så har dei nysgjerrige ungdomsskuleelevar som publikummarar.

– Eg har ikkje bestemt meg for kva eg vil bli når eg blir vaksen, så eg syns det er veldig interessant å sjå kva dei driv med, fortel Kristine Nødset.

Åttandeklassingar ser på konkurransane.

PUBLIKUM: Elevar på ungdomstrinnet var publikum under konkurransen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Blir stolt

I framtida vil det vere stort behov for at fleire utdannar seg innan yrkesfaga, til tømrarar, helsefagarbeidarar og anna. For leiaren i opplæringsutvalet, Karianne Torvanger (Ap), var det ekstra kjekt å sjå på konkurransane.

– Eg blir så stolt når eg ser kor mange flinke og dyktige elevar vi har.

I Sogn og Fjordane deler elevane seg om lag på halvparten i utdanningsretning. Eine halvparten vel yrkesfag og den andre går for studiespesialiserande, noko som er meir enn mange andre stader. Også tala for fråfall er positive, og med 77 prosent som fullføre yrkesfagopplæringa, er ein i landstoppen. Ho håpar mange av dei som står føre karriereval når dei skal søkje seg inn på vidaregåande utdanning blir inspirerte av dagen.

– Elevane vi ser i dag er gode ambassadørar for yrkesfaga. Når ungdomsskuleelevane også får større innsikt i kva yrkesfaga handlar om i praksis, så kan det vere med å påverke vala, trur ho.

Lasse Midtbø i full konsentrasjon

VINNAR: Lasse Midtbø gjekk sigrande ut som vinnar av klassa industriteknikk/industrimekanikar Vg2.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK