NRK Meny
Normal

Kjempa mot kyssesjuka - i dag tok ho gull

BYRKJELO (NRK): Etter ein fleire månader lang kamp mot kyssesjuka, knuste Inga Kårstad Skaar (15) all motstand på 3000 meteren under junior-NM i friidrett.

Inga Kårstad Skaar junior-NM Byrkjelo

GLAD JENTE: Inga Kårstad Skaar blir snart 16. I dag tok ho gull under junior-NM i friidrett på Byrkjelo.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er svært nøgd, eg hadde eigentleg ikkje forventa at eg skulle vinne gull. Men eg stilte no opp for å bli med så lenge eg kunne, fortel ein svært glad gullvinnar til NRK etter løpet på Byrkjelo.

Men i vinter var det lite som tyda på at Førde-jenta skulle klare å gå heilt til topps i junior-NM i friidrett. I påska blei ho diagnostisert med mononukleose, eller kyssesjuka som sjukdomen er meir kjend som.

– Sjukdomen sette meg skikkeleg tilbake, så dette var litt av ein opptur. Eg tenkte eigentleg at friidrettssesongen kom til å ryke på grunn av kyssesjuka, men eg har no fått det til ganske bra likevel, gliser Kårstad Skaar.

På 3000-meteren under junior-NM tevla ho mot fleire år eldre utøvarar, noko som lovar godt for idrettsframtida for den unge jenta.

Snart byrjar ho som elev på Norges Toppidrettsgymnas si avdeling på Geilo, og kjem til å halde fram med satsing både innanfor langrenn og friidrett. Men først ventar ein spennande 1500-meterfinale på Byrkjelo laurdag.

– Det var jo veldig kjekt å ta gull i dag, og eg håpar at eg klarer å halde meg med teten på 1500-meteren også, slår ho fast.