NRK Meny
Normal

Kjempa 20 minuttar mot stri elv for å få 34-åringen på land

Allereie på veg til skadestaden byrja brannmannskapet å planlegge redningsarbeidet. 20 minuttar etter ulukka var paragliderpiloten på land.

Paraglider i elva

ULUKKE: I ei stri Flåmselvi vart det eit krevjande arbeid med å få den 34 år gamle paragliderpiloten på land.

Foto: Regina Ådland

Ein 34 år gamal mann ligg kritisk skadd på Haukeland etter at han tysdag kveld styrta i Flåmselvi med paraglider.

Både brannvesenet og fleire andre prøvde å få mannen raskt på land.

– Redningsarbeidet var krevjande. Piloten sat fast i paraglideren, og det var stri straum, fortel brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

20 minuttar i elva

Ulukka 100–150 meter ovanfor Flåm bru vart meldt kring klokka 2010. Vel 20 minuttar seinare hadde brannvesenet fått på land paragliderpiloten ved hjelp av eit tau.

Kor lenge 34-åringen låg under vatn er uvisst. Ein tydeleg prega ordførar, Noralv Distad (H), rosar brannvesenet sin innsats.

– Allereie medan bilane var på veg til skadestaden planla brannvesenet bergingsarbeidet. Det var krevjande, men etter få minuttar hadde dei fått vedkommande på land og kunne starte hjarte- lungeredning til medisinsk personell kom på plass, seier han.

Tenkjer på dei råka

Ulukka er den tredje luftsportsulukka på Vestlandet på få dagar. I Hordaland vart tre personar skadde i paragliderulukker i helga. Det er heller ikkje den første luftsportsulukka i Aurland.

Distad seier at eit kriseteam no følgjer opp familien til den skadde 34-åringen.

– Dette er ei veldig tragisk hending, og vi håpar framleis at det går bra med han som var utsett for ulukka. Så er det viktigaste for oss no å tenkje på dei som er direkte råka av hendinga, seier ordføraren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser