Hopp til innhold

Førde-damene kjempa tappert om opprykk

FØRDE – FJELLHAMMER 18-23: Førde sine handballdamer kjempa hardt for å klare opprykk til 1. divisjon, men det blei eit knepet tap for austlandslaget Fjellhammer. Dermed må dei halde fram i 2. divisjon.

Dei trengte 5 mål for å gå vidare, og det heldt på målet det. Førde knust.

SURT TAP: Tårene rann då tapet mot Fjellhammer var eit faktum. No må Førde-damene sikte seg inn mot ein ny sesong i 2. divisjon. Foto/redigering: HEIDI LISE BAKKE

Førde-trenar Øyvind Indrebø var svært skuffa etter at tapet var eit faktum i eit fullstappa Førdehus torsdag kveld.

– Dette var ein rein bonussjanse for oss. Akkurat der og då er det surt fordi vi ikkje stod heilt inn. No må vi berre trene vidare og gjere oss klare for ein ny sesong, seier trenar Øyvind Indrebø til NRK.

– Kva var det som gjekk gale i kveld?

– Vi brenner litt for mange klare sjansar, og i ein kritisk fase i 2. omgang så føler eg vi er i ferd med å miste trua, så glepper vi ein to-tre mål. Då er dei gode, og vi glepp litt på slutten. No skal vi jobbe vidare og vi skal mobilisere.

Førde - Fjellhammer

MYKJE FOLK: Førdehuset var smekkfullt under kampen mellom Førde og Fjellhammer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fullt hus i Førdehuset

Hadde Førde klart å tape kampen i Førdehuset med eitt mål mindre, så hadde opprykket vore sikra. Førde vann den første kvalifiseringskampen borte 22–26 på Lørenskog.

Det var svært mykje folk i Førdehuset under kampen, og det var tydeleg at mange ville vere med og støtte Førde-damene sin kamp for å kvalifisere seg til 1. divisjon.

– Vi har nok ikkje hatt så mykje folk i Førdehuset på ein handballkamp som det vi har i dag. Det var ei veldig fin støtte frå publikum, slår trenar Øyvind Indrebø fast.

Martine Vindheim og Oddny Sønnesyn

FEKK TRØYST AV MOR: Martine Vindheim (t.v.) var lei seg etter tapet mot Fjellhammer. Her saman med mor si, Oddny Sønnesyn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Satsar på siger i divisjonen

Ei av dei som var mest engasjert på tribunen var handball-mamma Oddny Sønnesyn. Dottera Martine Vindheim stod på gjennom heile kampen. Etterpå var det to skuffa jenter NRK snakka med.

Her kan du sjå utdrag frå den spennande handballkampen mellom Førde og Fjellhammar, der Førde måtte vinne med fire lag for å spele omkamp. Viss Fjellhammar vann med 5 mål, rykka dei opp utan omkamp. Førde tapte med fem mål....

VIDEO: Her kan du sjå høgdepunkta frå handballkampen. Foto: Heidi Lise Bakke

– Tenk å tap med minst mogleg margin, idretten er brutal av og til. No er det berre å nullstille og gå for å vinne 2. divisjon. Dei har fått oppleve noko som få får høve til å oppleve. Kampen var kjekk uansett, seier Sønnesyn.

Dottera Martine var heilt knust etter tapet mot Fjellhammer, og fekk trøyst av lagvenninnene og mor Oddny.

– Det var eigentleg heilt forferdeleg og tungt. Vi får berre tenke at no skal vi vinne alt i 2. divisjon og rykkje opp, seier Martine gjennom tårene.