Hopp til innhold

Kjem ikkje nye krava til batteriforsyning

Batteria på Telenor sin hovudstasjon i Rutledal skulle vare i 18 timar, men heldt berre i ti. No lovar selskapet å sjå på kva som gjekk gale. Post- og teletilsynet vil ikkje stille nye krav.

Telenor sine sentralar og basestasjonar er sårbare for straumbrot.

SÅRBART: Telenettet vart seinast tysdag slått ut av eit omfattande straumbrot i Sogn og Fjordane. Batterikapasitet på basestasjonar og sentralar er avgjerande i slike tilfelle.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

- Det er sett minstekrav i heile landet på to timar og fire timar reservestraum utanfor dei største byane. I tillegg har vi sett i gang eit pilotprosjekt der ein stad i kvar kommune skal ha minst tre døgns reservekapasitet, fortel Svein Scheie i Post- og teletilsynet.

Desse krava kom på plass tidlegare i år, og det blir dermed ikkje aktuelt å kome med nye og strengare krav med det første. Tysdag førte lyn og torden, i tillegg til mykje tung snø på trea som la seg over kraftlinjene, til at fleire kommunar i Sogn og Fjordane var utan straum og telefon.

Meir sårbare i distrikta

Straumbrotet slo også ut ein av Telenor sine mest sentrale stasjonar. Stasjonen på Rutledal er ein av mange i landet som sender summetonen vidare til mobil, fastnett og internett, i lokale basestasjonar.

– Vi skal sjå på kva som var årsak til at batteria ikkje verka i 18 timar som dei skulle, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Etter orkanen Dagmar i 2011 vart det stilt nye krav til teleleverandørane, men verke Telenor eller Post- og Teletilsynet trur ein vil klare å fjerne all risiko for nedetid på telenettet. Scheie er også klar på at distrikta er meir utsette.

- Det er difor vi har sett krav til lengre batteritid der. Pilotsprosjektet som no er i sju kommmunar vil bli utvida, og vi trur det vil avhjelpe situasjonen, seier senioringeniøren.

Ikkje sikkert lenger levetid hadde løyst problema

Trass i at hovudsentralen i Rutledal berre hadde reservestraum i nær ti av dei 18 kravde timane, trur ikkje Amundsen i Telenor at full reservetid hadd løyst teleproblema.

29 basestasjonar vart råka av straumproblema, og på desse stasjonane er reservekapasiteten tolv timar.

– Straumen var vekke i mykje meir enn tolv timar, og då må ein ha aggregat ute, seier Amundsen.

Vil koste mykje

Dei nye krava frå Post- og teletilsynet ligg no hjå Samferdsledepartementet til klagehandsaming, etter at det er usemje mellom teletilbydarane og staten om kostnadane knytt til krava. Telenor er budd på at det uansett kva som må gjerast, trengst meir pengar på bordet.

– Både vi og kraftleverandørane må ta inn over oss den ustabile og variable vêrstasjonen. Det kjem til å krevje store investeringar på basestasjonar. Vi må få på plass kraftigare sentralar som toler meir uvêr og held lenger når uvêret først har slått inn, understrekar Amundsen.