Hopp til innhold

Droppar heimflytting om lokalsjukehusa forsvinn

Skarpe hovud kan komme til å droppe heimflytting om lokalsjukehusa forsvinn.

Marie Stølen

MINDRE ATTRAKTIVT: Unge med topputdanning kvir seg for å flytte heim til Sogn og Fjordane dersom lokalsjukehusa forsvinn. Ein av dei er Marie Sigmundsdatter Stølen frå Eid.

Foto: Privat

Unge med topputdanning droppar truleg heimflytting om lokalsjukehusa forsvinn.

Marie Sigmundsdatter Stølen frå Eid er snart ferdig utdanna sivilingeniør i Trondheim. 25-åringen er eitt av dei skarpe hovuda som fylket vonar skal flytte heim etter endt utdanning, ho har i løpet av studietida blitt kåra til "Årets teknologistudent 2009" og har vore leiar for Studentersamfundet i Trondheim. No meiner ho det vert mindre attraktivt å flytte til Nordfjordeid.

– Alle fortel oss at me må komme tilbake fordi Sogn og Fjordane kan by på attraktive arbeidsplassar, spanande utfordringar og gode kulturtilbod. Men tek ein vekk helsetilbodet, så er det ikkje mykje freistande å flytte heim att.

Hjerneflukt

Nordfjord sjukehus er den største statlege arbeidsplassen i Nordfjord.

345 tilsette ved lokalsjukehusa kan miste jobben om Helse Førde går for sitt forslag til strategi dei neste ti åra. I hovudsak er det folk med høgare utdanning og størstedelen er kvinner.

Alfred Bjørlo

UHELDIG: Alfred Bjørlo i Måløy Vekst meiner ei nedlegging av lokalsjukehusa vil ha ein negativ effekt på næringsutvikling og tilflytting.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

– Sjukehusmiljøet på Eid er utruleg viktig i eit næringsutviklingsperspektiv. Det sikrar tilgjenge til ein type offentlege kompetansearbeidsplassar som det er få av i regionen elles, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

Bjørlo i Måløy Vekst fryktar det vil bli langt vanskelegare å rekruttere arbeidskraft til regionen i framtida.

– Sjukehusdebatten påverkar utvilsamt det heilheitlege arbeidet med næringsutvikling og folketalsutvikling

– Utruleg trist

Stølen frå Eid har lyst til å flytte heim til odelsgarden i Lefdal, men om lokalsjukehuset i praksis vert nedlagt, fører det til at ho tel på knappane. Ho seier ho har snakka med fleire som tenkjer på same måten.

– Utruleg trist. Eit redusert helsetilbod vil setje regionen og fylket fleire steg tilbake, meiner 25-åringen.