NRK Meny
Normal

Kjem årets første mot den gamle stormakta?

Terje Rognsø og Florø Fotball jaktar årets første trepoengar på Fredrikstad stadion i dag.

Stefan Aase i kjent stil.

SIGER: På fem kampar i debutesesongen i 1. divisjon, er det blitt fire uavgjort og eitt tap for Stefan Aase og Florø Fotball.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Berre eitt tap på sine fem kampar er ein grei start for dei fleste debutantar i 1. divisjon fotball. Men når dei fire siste kampane er uavgjort, har det ikkje blitt mange poeng for Terje Rognsø sitt manskap.

Laster innhold, vennligst vent..

Når kystlaget i dag jaktar årets første siger, er det med Fredrikstad som vertar. Det har gått mange år sidan laget frå plankebyen hadde si storheitstid. Men med ni seriemeisterskap, elleve cupmeisterskap og sju sølvpokalar er FFK ein klubb med tradisjonar. Klubben blir framleis rekna som ein av dei største i Norge.

I dag spelar også stryning, og tidlegare Sogndal-spelar, Ulrik Flo for kvittrøyene. Til no i år har 28-åringen notert seg for ei scoring.

FLORØ: Nicklas Frenderup, Christopher Lindquist, Vegard Gjermundstad, Runar Hove, Kim Vik, Halvor Solheim-Olsen, Stefan Aase, Erlend Hove, Oliver Rotihaug, Endre Kupen og Peter Aase.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser