Hopp til innhold

Avgjort 05.15 i natt: Åshild vert første kvinnelege fylkesordførar

Klokka 05.10 i natt kunne Åshild Kjelsnes sleppe jubelen laust. Då var Senterpartiet og Arbeidarpartiet samde om ein avtale som sikrar Florø-kvinna vervet som fylkesordførar.

Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva

JUBLA I NATT: Åshild Kjelsnes og Nils P. Støyva kunne i natt juble, etter at det blei klart at dei fekk til ein avtale med Senterpartiet om fordeling av rollene i det nye fylkestinget.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter lange forhandlingar i natt, vart det til slutt bestemt at det vert fire nye år med raudgrønt samarbeid i fylkestinget, men denne gongen med rollene snudd.

Senterpartiet med Jenny Følling i spissen valde til slutt å kaste korta, og godtok at Åshild Kjelsnes vert fylkets første kvinnelege fylkesordførar.

Veldig glad då ho vart fylkesordførar

– Eg er heilt skjelven, og sjølvsagt veldig glad. Dette vert mitt livs utfordring, seier Kjelsnes, som eigentleg hadde bestemt seg for å trekke seg i 2010.

Men lysta på eit vidare politisk liv kom attende, og dette vert no krona med rolla som fylkesordførar.

– No vert eg den minste fylkesordføraren i det vakraste fylket, gliser Åshild, som knapt ragar halvannan meter over bakken, men som no har nådd toppen innan politikken i Sogn og Fjordane.

– Eg har stor respekt for jobben, for eg vil gjerne gjere ein god jobb for Sogn og Fjordane, seier Kjelsnes.

Valde samferdsle og Innovasjon Norge

Dermed er det duka for ein kvinneleg leiarduo i fylkeskommunen dei kommande fire åra. Jenny Følling blir varaordførar etter lange forhandlingar i natt.

– Det er surt å bli slegen på målstreken. Men eg skal ta oppgåva eg har fått på alvor, seier ho.

– Politikk handlar om å ville noko, om å ha makt til å gjennomføre det ein vil. Difor har det vore viktig for oss å ha leiar av samferdsle, og vi vil vere med og styre Innovasjon Norge, seier Følling.

Dette er partia samde oom

Det siste forhandlingsmøtet mellom Sp, Ap og SV natt til i dag starta klokka 03.20, og var ikkje ferdig før klokka 05.10. Då var partane mellom anna samde om følgjande:

  • Arbeidarpartiet får fylkesordføraren
  • Jenny Følling (Sp) vert fylkesvaraordførar
  • Arbeidarpartiet får to medlemer i fylkesutvalet
  • Senterpartiet får tre medlemer i fylkesutvalet
  • Senterpartiet skal ha leiar i hovudutvala for samferdsle og kultur
  • Arbeidarpartiet skal ha leiar i hovudutvala for plan og næring
  • Fylkesvaraordføraren skal vere leiarkandidat til regionalt styre for Innovasjon Norge

Skal utarbeide felles plattform

I avtalen som no er inngått, vert det og slege fast at dei Senterpartiet og Arbeidarpartiet no skal utarbeide ein felles politisk platform for dei neste fire åra.

Eit anna resultat av avtalen er at SV vert avspist med andre varaplass til fylkesutvalet på Ap si liste. SV får og leiarrolla i hovudutval for opplæring.

Dermed må opposisjonen bli samde om fordelinga av dei andre verva, mellom ann fire plassar i fylkesutvalet, samt andre utval, råd og styre.