Kjellrun Lavik er ein utvandra eksingedøl som med jamne mellomrom har jobba ved kontoret i Førde, men som i tunge stunder saknar heimfylket Hordaland.
Ho er fødd i 1979, og har sidan 2002 vore tilsett i NRK. Etter eit folkehøgskuleår på Sandane, gjekk ho to år på radiolinja på Gimlekollen mediahøgskule i Kristiansand. Sidan den tid har ho vore å høyra som programleiar for radiosendingar, nyheitsopplesar både for Fylkesnytt og Dagsnytt, og som reporter i Vestlandsrevyen og Dagsrevyen.
Kjellrun er prosjektleiar for barne-TV på heiltid. Her har ho ansvaret for mellom anna utviklingsarbeid og produksjonen av den populære serien "Klart eg kan" som går på NRK Super.
Kjellrun er glad i å reisa, og har som mål å besøkja alle kontinent. Ho har også vore på lengre opphald i Sør- og Mellom-Amerika dei siste åra, i tillegg til mange turar rundt om i Sogn og Fjordane på jakt etter gode historiar. Utanom å lika puddersnø under skia, har Kjellrun vore på fleire kjende fjelltoppar i fylket. Men ho drøymer om hytte ved sjøen.
- E-post: kjellrun.lavik@nrk.no
- Telefon: 412 21 659