Hopp til innhold

Kjell (80) vann som han ville – igjen

Kjell Steinset stilte til start på fire øvingar i Veteran-NM i friidrett. Det gjekk som det plar gå. 80-åringen kom heim til Jølster med fire gullmedaljar.

Kjell Steinset

GLEDE: Sjølv om konkurransen ikkje var særskilt stor varma gullmedaljane i regnvêret på friidrettsarenaen i Knarvik.

Foto: Dyveke Buanes / NRK

– Det er berre å stå på og ikkje gi seg, seier medaljegrossisten frå Jølster.

12 gullmedaljar

Kjell Steinset var ein av fleire lokale friidrettsveteranar som i helga kjempa om edelt metall og heider og ære under Veteran-NM i friidrett.

Kjell Steinset på toppen av pallen

PÅ TOPPEN: Kjell Steinset (t.h.) prøvde å pynte på sin eigen norske rekord på 800 meter, men kom i mål tre sekund for seint. Siger vart det likevel.

Foto: Johnny Solheimsnes

Meisterskapen i Knarvik resulterte i 29 medaljar. Av desse 12 gull, der Bjørg Reknes (Florø) og nemnde Steinset tok fire kvar.

– Det gjekk greitt. Eg sprang 400 meter før i dag, så det var berre å bruke siste rest av kreftene, seier 80-åringen etter å ha fullført 1.500 meter på tida 7,00,96.

Steinset er ikkje noko ukjent namn i friidrettsmiljøet. Han har siste åra sett fleire norske rekordar. Det vart ikkje nye rekordar i helga. Nærast var han på 400 og 800 meter.

Kjell Steinset i einsam majestet mot ein av sine fire NM-titlar i Knarvik.

SJÅ VIDEO: Kjell Steinset hadde ingen konkurranse om NM-tittelen på 1.500 meter. (FOTO: DYVEKE BUANES/NRK)

Steinset er også dobbelt europameister og firedobbel nordisk meister.

– Det er litt genar. Så har eg nok halde meg i betre form enn dei fleste gjennom jamn trening. Eg prøver å trene fire gonger for veka, smiler den ferske firedoble norske meisteren.