Hopp til innhold

Kjeftar på brøytebilsjåførane

Brøytebilsjåførane får mykje kjeft av sinte bilistar som vil over fjellet.

Brøytebil
Foto: Ronald Andersen

Nye reglar om kolonnekøyring gjer at mange bilistar som skal over fjellet vert rasande.

Får mykje kjeft

Brøytebilsjåfør på Filefjell, Svein Erik Havro, seier elendig informasjonsarbeid gjev dei tunge arbeidskvardagar.

- Det er mykje kjeft å få. Folk har ingen forståing for at dei må vente.

- Det er dårleg informasjon frå vegvesenet. Det verkar som om dei har lagt alt ansvaret over på oss brøytebilsjåførar.

Eldre får ikkje vere med

I snart ti år har Havro vore brøytebilsjåfør på Hemsedalsfjellet og Filefjell. Når det er kolonnekøyring har han ansvaret for at dei som får med med kjem seg trygt over fjellet. Men ofte må han be folk vente eller i verste fall snu, og det set mange sjåførsinn i kok.Folk veit rett og slett ikkje at både eldre og babyar kan bli nekta å vere med i ei kolonne.

Denne vinteren har det også komme eit nytt regelverk som gjer at bilistane ofte må vente lenger enn før dei får bli med i kolonnene.

Tek sjølvkritikk

Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Vegdirektoratet, legg seg paddeflat for kritikken.

- Eg beklagar på vegner av Statens vegvesen brøytebilsjåførane vert offer for folk sitt sinne. Vi arbeidar no med å få ut ny og betre informasjon til trafikantane, seier han.