Den fyrste bilen stoppa då han møtte ein bil med campingvogn. Bilen bak makta å stogge, men det gjorde ikkje bil nummer tre.
Dette førte til at den bakaste bilen køyrde i bil nummer to, som så kom inn i den fremste bilen.
Til sjukehus
Personane i den bakaste bilen, eit ektepar frå Bergen, blei sende med brystsmerter til sentralsjukehuset i Førde. Dei fire andre involverte kom frå uhellet utan skadar.