NRK Meny
Normal

Sju personar til legevakt etter ulukke på rv.5

FØRDE (NRK): Politiet melder om store materielle skadar etter at fem bilar kolliderte midt i Klettatunnelen.

Ulukke

Rv. 5: Ulukka har skjedd i Klettatunnelen på rv. 5 nær Førde sentrum.

Foto: STEINAR LOTE / NRK

Alle naudetatane rykte ut etter melding om ein kjedekollisjon på rv. 5. Helse Førde melder om at sju personar er sendt til legevakt for sjekk etter ulukka.

– Det var store materielle skadar som følge av ulukka, seier Hans Eirik Thue, som er operasjonsleiar på politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Ein bilist på staden seier at kollisjonen skjedde i feltet på veg mot Førde. .

Det var lang kø ved tunnelen og i Førde sentrum.

– Entreprenøren sleit med å komme seg fram på grunn av mykje kø i Førde, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Ulukke

KRAFTIG SMELL: Det var store materielle skadar etter ulukka på rv. 5.

Foto: STEINAR LOTE / NRK