Hopp til innhold

Kjedekollisjon på E39 – svært glatte vegar

Fire bilar har vore involvert i ein kjedekollisjon på E39 i Jølster. Ingen skal ha vorte skadde, for det dårlege føret gjer at folk køyrer sakte på vegen.

Glatt på E39

VELDIG GLATT: Det skal vere svært glatt på E39 mellom Jølster og Gloppen.

Foto: Eli Håheim

– Det har vore snøkav i heile kveld, og det er veldig glatt på vegen no, seier Eli Håheim.

Ho bur like ved der trafikkuhellet skjedde, ved Håheim mellom Våtedalen og Skei. Juletrafikken gjer at det er meir trafikk enn vanleg, seier ho. Også alarmsentralen har fått med seg uhellet, men dei har ikkje sendt ut noko ambulanse.

– Det er ikkje tale om personskadar her, for bilane har køyrt ganske sakte.

Det tyder på at det er glatt?

– Ja, det er slaps og nullføre. Rett og slett veldig glatt, så folk må køyre forsiktig, seier Frode Korneliussen.

Det var Firda som først omtala saka.

Mykje juletrafikk på glatte vegar

Korneliussen fortel vidare at brannvesenet har teke hand om bilane som var involvert i uhellet, og at trafikken no har løyst seg opp.

Likevel er det slik at det er glatte vegar fleire stader i fylket, og det gjer at trafikken av folk som skal heim til jul går endå saktare enn det som er vanleg.

– Det har vore veldig mykje trafikk i heile kveld, seier Eli Håheim.

Elles har uveret også ført til fleire fjellovergangar er stengde.

Vegtrafikksentralen Lærdal fortel at E16 over Filefjell, og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet no er ope for fri ferdsle, men der kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel på rv. 52. Strynefjellet og Vikafjellet er stengde.