NRK Meny
Normal

Kjedekollisjon på Bryggja

Tre bilar med åtte personar skal ha kollidert på riksveg 15 ved Bryggja. Ingen vart alvorleg skadd i kollisjonen.

Kjedekollisjon på Bryggja
Foto: Bjarne Eldevik

Politiet melder på Twitter at tre bilar, med åtte personar er involverte i ein kjedekollisjon.

– Ein bil stansa for å sjå på noko vegarbeid eller liknande, så kom det tre bilar etter. Dei dunka i kvarandre, fortel operasjonsleiar for politiet, Espen Gulliksen.

Ingen kom alvorleg til skade i samanstøyten.

– Det er mindre personskade, ein mogleg brekt tommel og nokre stive nakkar. Tre eller fire personar hadde smerter i brystet etter bilbelte, seier Gulliksen.

Laster kart, vennligst vent...