Hopp til innhold

To personar er sendt til sjukehus etter ein kjedekollisjon med fire bilar

Fire bilar var involvert i ein kjedekollisjon på Sæternes i Måløy i ettermiddag. To personar er sendt til sjukehus.

Kjedekollisjon, Sæternes, Måløy

– Naudetatane er kome fram til staden, men skadeomfanget er førebels ukjent, opplyser Inge Værøy ved politiets operasjonssentral.

Fire bilar og seks personar var involvert i kollisjonen som skal ha skjedd i 17.30-tida i på Sæternes like sør for Måløy.

– Det var tre bilar som stod i ro. Den første hadde stoppe på grunn av møtande trafikk. Ein fjerde bil køyrde då inn i bil nummer tre og skubba den framover, seier Værøy.

Det skal vere 50-sone på staden.

– Men det var nok fart til at ein person er sendt til legesjekk og to personar til sjukehus på Nordfjordeid, seier Værøy.

Dette er førarane av dei to bakarste bilane. Personen som er sendt til legesjekk var i bil nummer to.

Føraren av den bakarste bilen var ein ungdom i slutten av tenåra. Det skal ikkje vere mistanke om køyring i rusa tilstand, opplyser politiet.

Vågsøy lensmannskontor etterforskar saka vidare.

Oppdatering kl 2100. AMK melder at dei to som var sendt til sjukehus er sjekka og er uskada.