Hopp til innhold

Kitesurfar vart liggande å drive i Jølstravatnet

Naudetatane har rykt ut til Jølster etter melding om at ein paraglider har hamna i Jølstravatnet.

Kite i vatnet i Jøster

ALLE NAUDETATAR PÅ STADEN: Luftambulanse, Røde Kors, ambulanse, brannvesen og politi rykte ut til Jølstravatnet etter melding om at ein parglider hadde hamna i vatnet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Klokka 19.04 melder politiet at aksjonen er over. Det er snakk om kiting og ikkje parglider. Det står bra til med vedkomande.

Laster Twitter-innhold

Klokka 18.55 melde NRK sin mann på staden at det er ein kitesurfar som har blitt liggande å drive i Jølstravatnet.

– Det er minst fire bilar med blålys her. No ser eg at brannvesenet har kome ut til surfaren med ein gummibåt, seier fotograf Torje Bjellaas som er på staden.

Her ligg kitesurfaren og driv

DRIV: Her ligg kitesurfaren og driv på Jølstravatnet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Alle naudetatar er på staden

– Vi fekk melding klokka 18.27 om at ein paraglider har hamna i vatnet ved Årdal i Jølster, seier Kai Henning Myklebust, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Politiet har førebels ikkje opplysningar om det som har skjedd.

Luftambulanse, Røde Kors og naudetatane er på staden.

ulukke

.