NRK Meny
Normal

Ingen kinodød når folk strøymer til kinosalane

FØRDE (NRK): Kinodøden har vore spådd fleire gonger dei siste åra, også etter at ulike strøymetenester kom. Likevel går folk på kino som aldri før.

Torhild Vie, Kinokonsulent Førde

NØGD: Kinokonsulent i Førde, Torhild Vie, meiner folk er glad i å gå på kino.

Foto: Linda Watten / NRK

– I fjor var talet på kinobesøk over heile landet det beste sidan 1983.

Det seier Guttorm Petterson som er administrerande direktør i Film & Kino Noreg. Norske filmar førte til at besøkstala på kino blei toppa i fjor, medan i år svarar ingen norske filmar til desse tala.

– Det fører til ein nedgang i prosent i år, men 2017 ser likevel ut til å bli eit normalt år for kinobesøka. Folk går framleis mykje på kino, seier Petterson.

Folk likar kino

Sjølv med ein nedgang i talet på kinobesøk, og ulike at strøymetenester blir meir og meir tilgjengelege, trur ikkje kinokonsulent i Førde, Torhild Vie, at dette går utover lysta til å gå på kino.

– Spesielt ungdomar er opptekne av å sjå filmar når dei er ferske. Det er også svært avgjerande kva film som er på programmet til kinoen. Om det er store filmar, så møter folk opp.

Norsk film pregar kinoane

NORSK: Norske filmar var store på kino i fjor og førte til det beste kinoåret på lenge.

Foto: Linda Watten / NRK

I Sogndal har dei heller aldri tapt sjåarar til Netflix og andre strøymetenester.

– Ein trudde kinoen kom til å døy både når fjernsynet og DVD kom også, men me har ikkje sett ei merkbar endring i nedgang, seier kinoansvarleg i Sogndal, Tor Uglum. Kinoen sin død kjem nok ikkje med det fyrste.

Sosialt

– Eg trur me er eit sosialt folk som likar å møte andre og sjå film saman. Dei fleste av oss får det beste utbyttet av film på kino, seier Torhild Vie.

Både små og store går på kino. Bygdekinoen i Noreg er eit tilbod som tilbyr film på små stader som ikkje har fast kino. På grunn av dette tilbodet har 85 % av kommunane i landet eit kinotilbod.

– Dette er eit fint tilbod, spesielt for barnefamiliar som ikkje vil reise veldig langt for å gå på kino, seier Vie.

Forslag frå regjeringa

Sjølv om talet på kinobesøk i Noreg har haldt seg stabilt siste tiåra, kan det likevel vere noko usikkert om talet vil halde fram. Kinobesøk kan bli dyrare etter at regjeringa føreslo å auka kulturmomsen frå 10–12 % i Statsbudsjettet 2018.

– Det er ei grense for kor mykje ein kan dytte over på publikum før dei tykkjer det blir for dyrt. Blir billettprisen for høg kan det gå nedover med kinobesøk, seier Petterson.

Kinopublikum

PUBLIKUM: Små og store strøymer til for å sjå på film i Sogndal.

Foto: Tor Uglum / PRIVAT

I Sogndal derimot meiner dei at aukinga ikkje vil ha mykje å seie for kinobesøk.

– Me skulle jo ynskje det ikkje blei ei auking, men eg trur eigentleg ikkje det vil ha stor betydning for folk om billettprisane stig litt, seier Uglum.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.