Hopp til innhold

Kinn framleis i det blå etter møte i Oslo

Vedtaka var i boks, men så blei planane om Kinn kommune bremsa. No har dei to ordførarane vore i Oslo med håp om å få svar.

Ola Teigen og Kristin Maurstad framfor ordførarveggen i Vågsøy.

VIL SAMARBEIDE: Ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad vil samarbeide om å styrke kysten, og håpar dei får slå seg saman til Kinn kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi er skuffa, men vi må ta omsyn til at departementet ønsker meir informasjon, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

Flora og Vågsøy meinte dei hadde komme fram til ei god løysing då begge kommunane vedtok å slå seg saman. Men med søknaden på bordet kom beskjeden frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at dei ønsker meir utgreiing før Kinn kommune kan bli ein realitet.

Held korta tett til brystet

Dei to ordførarane, Kristin Maurstad og Ola Teigen, møtte på Stortinget for å legge fram vedtaka og framtidsplanane sine. Etter å ha møtt både statssekretær i Kommunaldepartementet, fleirtalskonstellasjonen på Stortinget og Helga Pedersen i kommunalkomiteen, var dei ikkje blitt klokare på kva avgjerda kom til å bli.

– Dei held korta tett til brystet, men vi opplevde at vi blei lytta til, og det blir spennande å sjå kva som kjem ut av det, seier Maurstad.

Arbeidarpartiet sin talsperson i kommunalkomiteen, Helga Pedersen, har forståing for at Kinn-ordførarane er utolmodige etter å få eit endeleg svar.

Helga Pedersen

FORSTÅR: Helga Pedersen (Ap) har forståing for at ordførarane er utolmodige etter svar.

Foto: Marte Lindi, NRK

– Eg forstår at dei blir frustrerte over dei ulike signala frå regjeringa. Når det ligg ein søknad på bordet bør det vere mogleg å ta stilling til det, seier Pedersen.

Kommunalkomiteen skal legge fram si innstilling 1. juni, og saka blir behandla 8. juni. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal gjere dei utgreiingane departementet ønsker innan 1. september.

– Ikkje fånyttes

Maurstad seier dei har jobba hardt for det dei har trudd på og har brukt mykje tid og ressursar på å få til ein avtale med Flora. Men ho trur ikkje arbeidet er heilt bortkasta om dei ikkje får slå seg saman.

– Vi har peika oss ut ei retning, og dei to kommunane har komme tettare. Vi ser uansett konturane av eit framtidig samarbeid om å styrke kysten, seier ho.

Ho legg ikkje skjul på at dei økonomiske gevinstane av å slå seg saman har vore ein viktig faktor, spesielt for Vågsøy.

– Om vi ikkje får slå oss saman, og likevel blir straffa økonomisk, vil det få store konsekvensar for Vågsøy, seier Maurstad.

Vi har ikkje lukkast å få tak i departementet for kommentar.