Hopp til innhold

Kinesarar strøymer til Briksdalen

Kraftig vekst i den kinesiske marknaden gjer at det ser ut til å gå mot besøksrekord i Briksdalen i år. Den sterke veksten frå Kina veg opp for kollaps i den russiske marknaden.

Briksdalsbreen

Trass i elendig vær både i vår og på forsommaren, har turistane strøyma til Briksdalsbreen. 70 prosent av turistane kjem frå Asia.

Foto: Oldedalen Skyss / NRK

Rekorden frå i fjor med totalt 250.000 besøkande i Briksdalen og 42.000 som vart skyssa opp til sjølve Briksdalsbreen, ser ut til å bli slått i år. Dette trass i at den russiske marknaden har kollapsa grunna konflikten mellom Russland og Vesten.

Årsaka er ein eventyrleg vekst i den asiatiske marknaden, spesielt frå Kina, skriv nettavisa Nett.no.

– Kinesarane har fått interessa for norske fjordar, fjell og brear. Den kinesiske marknaden har rett og slett gått til himmels, seier Rogeir Haugen, dagleg leiar i Oldedalen Skyss til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalsbreen

Den spektakulære naturen gjer at turistane vil til Briksdalen. I fjor vart 42.000 turistar frakta opp til breen med bil. I år går det mot ny rekord.

Foto: Oldedalen Skyss / Oldedalen Skyss

7 av 10 kjem frå Asia

Oldedalen skyss omsette for sju millionar kroner i fjor, noko som var ny rekord. Haugen håper og trur på ny rekord i år.

– Det ser så langt veldig bra ut. Lågare kronekurs speler også positivt inn, seier han. Haugen fortel at om lag 70 prosent av dei besøkande kjem frå Asia.

Bryt sperringane

To tyske turistar omkom i fjor sommar då dei fekk isblokker over seg etter å ha kryssa sperringane ved Nigardsbreen. I fjor sommar kunne NRK dokumentere at mange turistar kryssa sperringane også ved Briksdalsbreen.

– Fryktar du alvorlege ulukker?

– Det er tydeleg merking, skilt og kjettingar som viser kor nær breen turistane har lov å gå. Sperringane er ikkje sette opp for moroskuld. Det kan vere veldig farleg å vere nær breen, så vi må håpe at dei held seg til dette, seier Haugen.

Briksdalsbreen

Berre på nokre timer i fjor sommar såg NRK sin reporter mange turistar som kryssa sperringane ved Briksdalsbreen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kva med å ha vakter på plass som passar på at ingen går heilt inn til breen?

– Nei, det har ikkje vorte noko tema. Det er dei ansvarlege for nasjonalparken som bestemmer korleis skiltinga og sikringa skal vere. Vi følgjer signala derifrå, seier Haugen.