NRK Meny
Normal

Fylkesveg 55 opna for trafikk etter bilberging

Eit vogntog køyrde seg fredag fast, og sperra ein periode fylkesveg 55 ved Kvamshaug i Luster.

Fylkesveg 55 Luster

STod FAST: Vogntog sperra i morgontimane fylkesvegen på Kvamshaug i Luster

Foto: NRK-tipsar

– Det har samla seg kilometerlange køar på begge sider av vogntoget, seier bilbergar Jan Erik Bøyum.

Han har akkurat kome på plass når NRK snakkar med han klokka 08.10. Han kan førebels ikkje seie noko om kor langt tid det vil ta å opne vegen igjen.

– Det er heilt umogleg å seie no, før eg har fått sett skikkeleg korleis det ser ut på staden, seier Bøyum.

Vogntoget har køyrt av vegen ved lysreguleringa på Kvamshaug. Også på E39 i Jølster har ein lastebil køyrt av vegen i morgontimane fredag. Der er vegen ikkje sperra skriv Firda.

Klokka 8.36: – Vi er no i ferd med opne fylkesveg 55 for trafikk igjen, vogntoget er dratt opp på vegen igjen og har køyrt vidare, seier Bøyum.

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser dei at politiet no dirigerer trafikken ved Kvamshaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.