Hopp til innhold

Kettlebell-damene er på veg til VM i Sør-Korea

FØRDE (NRK): – Vi håper å komme på pallen, seier Mona Brede Aase.

Mona Brede Aase og Trine Ryland på Førde lufthamn Bringeland med bagasje

REISEKLARE: Mona Brede Aase (t.v.) og Trine Ryland var spente før avreise til Sør-Korea.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Ho og lagvenninnene Trine Ryland og Beate Kårstad Støfring frå Førde Kettlebell Club skal vere med å representere Noreg i VM i Sør-Korea neste veke.

– Det blir veldig spennande. Eg gler meg veldig, seier Brede Aase då NRK møter ho og Trine Ryland på Førde lufthamn før avreise.

– Vi vil jo gjere det best mogleg. Sjølvsagt håper vi på palleplass, det hadde jo vore det kjekkaste, legg ho til.

Tok gull i februar

Damene har allereie eit verdsmeisterskap under beltet frå då dei konkurrerte i California tidlegare i år.

Då stakk Brede Aase av med gull i øvinga +73 kg i øvinga "long cycle". På ti minuttar løfta ho to 24 kilo tunge kuler 48 gonger over hovudet.

Denne meisterskapen blir arrangert av ein annan organisasjon og kjem til å gå over fire dagar der utøvarane skal konkurrere i forskjellige greiner.

VM i Kettlebell

FØRDE KETTLEBELLCLUB: Desse tre jentene skal representere Noreg i under VM. Frå venstre Mona Brede Aase, Beate Kårstad Støfring og Trine Ryland. Dette bilete var teke under konkurransen i California.

Foto: Privat

– Vi har ikkje fått deltakar lista endå så vi veit ikkje heilt kven det er vi skal konkurrere mot denne gongen, forklarar Ryland.

Fem veker med hardtrening

Mange timar med trening har blitt lagt ned i førebuinga til meisterskapen.

– Vi har trent fem dagar i veka. Tre økter med kettlebelløvingar, ei styrkeøkt og ei kondisjonsøkt. Og slik har vi heldt på i fem veker, forklarar Ryland.

– Det har vore nokså slitsamt, ler ho.

Gler seg til å oppleve Sør-Korea

I bagasjen har damene med seg mykje treningsklede, i tillegg til vinterklede.

– Det skal visst vere nokså kaldt der nede i Sør-Korea, seier Brede Aase.

Beate Kårstad Støfring under NM

VERDSREKORD I 2015: Beate Kårstad Støfring har tidlegare teke verdsrekord i det som blir rekna for den tøffaste øvinga i kettlebellløfting, long cycle.

Foto: Privat

Dei gler seg til å oppleve eit land dei elles ikkje trur dei ville ha reist til, hadde det ikkje vore for dette arrangementet.

– Eg er veldig spent på maten, seier Ryland.

– Eg trur det blir ei oppleving. Det har ikkje akkurat vore eit feriemål for meg, så det blir veldig kjekt å få oppleve det gjennom ein konkurranse.

Dei skal vere i Sør-Korea i totalt ti dagar.