Hopp til innhold

Keisar Wilhelm sine reiser var heilt avgjerande for utviklinga av reiselivet

Den tyske keisaren sine 23 feriereiser til Norge var heilt avgjerande for utviklinga av norsk reiselivsnæring. Det meiner både forskarar og næringa sjølv.

keisar Wilhelm II og Gustloff

SETTE FART: Keisar Wilhelm sørga med sine reiser for å setje fart på den tyske turismen til Norge. T.v. cruiseskipet 'Wilhelm Kustloff' som frakta mange tyske turistar til Norge før 2. verdskrigen.

Foto: arkiv

For snart 125 år sidan, nærare bestemt 4. juli 1889, sette keisar Wilhelm II sine bein på norsk jord for første gong. Saman med eit stort hoff, gjekk han i land i Granvin i Hardanger. Ei hending som fekk reiselystne tyskarar til å setje kursen for «nordlandet» i stadig større tal.

23 lange reiser til Norge

– Før 1889 så var det nesten berre engelskmenn som var turistar i Norge. Dei drog på dei høgaste fjella og til dei mest avsidesliggjande fjordane. Men frå 1890 byrjar tyskarane å kome, og det startar faktisk med ein kopi av hans reise året før. Eit stort tysk cruiserederi kjøper båt og legg alt til rette for å kunne ta same reise som keisaren hadde gjort året før.

Svein Skotheim

FORFATTAR: Svein Skotheim har skrive bok om keisar Wilhelm II sine reiser i Norge.

Foto: Erlend Haukeland / NRK

Det fortel forfattar og historikar Svein Skotheim. Han har skrive hovudverket om keisaren sine 23 reiser til Norge, og han er overtydd om at utan Wilhelm sin innsats – så hadde ikkje tysk turisme til Norge kome i gang så tidleg – og så omfattande.

– Dette blei enormt populært, og sidan blei det kvart år. Det blei fleire og fleire skip, og talet tyske turistar auka. Alt i 1904–1905 passerer dei engelskmennene i tal turistar i Norge, fortel Skotheim.

Svært mange tyskarar

Trass ein liten nedgang i fjor er tyskarane framleis den største turistgruppa til Norge, med langt over ein million gjestedøgn årleg. Særleg i sommarmånadene juli og august.

Ein av dei som har merka dette godt heilt sidan han var liten, er hotelldirektør Sigurd Kvikne. Kvart år kjem svært mange tyske turistar i keisaren sine fotspor til Kviknes hotell og Balestrand.

Han er overtydd om at keisaren sine reiser har hatt svært mykje å seie for utviklinga av reiselivskommunen i midtre Sogn.

Ein unik posisjon

– Keisar Wilhelm II sin posisjon den gongen har jo blitt samanlikna med Barack Obama i dag. Og ein kan jo tenkje seg kva effekt det hadde hatt om Obama ferierte her i Norge 23 år på rad i ein månads tid, seier Kvikne.

Adelsteen Normann: Hohenzollern i Esefjorden

I ESEFJORDEN: Adelsteen Normann måla mellom anna skipet til Keisar Wilhelm II, Hohenzollern, i Esefjorden.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Han meiner at sjølv om ein på den tida ikkje hadde det medietrykket som ein har i dag, så er det ingen tvil om at det hadde enorm betydning for Norge, Vestlandet og ikkje minst for Balestrand.

– Det var på eit nivå som ein knapt har sett maken til, og det er vel få døme på like storslegne feriemåtar i verda i dag. Det var så gedigent og så spesielt at det er klart at dette er historier som blei fortalt og fortalt, trur Sigurd Kvikne.

Skapt av mytane

For keisaren var starten på Norge-fascinasjonen soga om Fridtjov den Frøkne, skrive av svenske Esaias Tegnér. Keisaren attskapte denne myten gjennom den enorme statuen på Vangsnes i 1913, forma ut av Max Unger.

Fridtjov den frøkne

MEKTIG MINNE: Fridtjov-statuen på Vangsnes i Sogn er 26,5 meter høg med sokkel. Den var ei gåve frå keisar Wilhelm II til Sogn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette handla veldig mykje om mytar. Utgangspunktet i 1889 var sagaen, men etter kvart vart desse Norges-reisene brukt som propaganda i Tyskland. Noko av det som fascinerte tyskarane var keisarfamilien og deira pomp og prakt, seier forfattaren Svein Skotheim.

På sine 23 reiser til Norge var keisaren innom mange stader langs norskekysten. Men skodde gjorde at han aldri kunne gå i land på staden mange tyske turistar valfartar til no, Nordkapp.