Hopp til innhold

Var blant Norges største talent - no har ho hatt konstant hovudverk i fire år

Eit av Norges største keepertalent fekk i fjor haust kyssesjuka. – Eg vaknar og tenkjer at eg gler meg til å legge meg att, seier Ane Fimreite. Men 20-åringen vil ikkje la seg knekke av sjukdommen.

Ho var keeper både under VM og EM, og hadde ei karriære i eliteserien framføre seg. Men i fjor haust blei ho sjuk og måtte slutte med fotballen. No strevar ho for å kome tilbake

Foto og redigering: Silje Bråstad.

– Eg har meir eller mindre at hovudverk i fire år. Det gjekk ikkje til slutt.

Det fortel det snart 21 år gamle keepertalentet som spelar for Sandviken, Ane Fimreite, frå sofaen heime i Sogndal.

I fjor spelte talentet 14 seriekampar i toppserien for kvinner. Siste kamp sogningen spelte var 29. september mot Medila for snart eit år sidan.

Fimreite oppdaga i fjor haust at ikkje var som det skulle. Då hadde ho i nesten tre år gått med konstant hovudverk og nakkesmerter etter at ho i 2010 krasja med målstonga med hovudet først og fekk hjerneristing.

– Eg følte at eg var i utvikling og var på veg opp og var på veg til å hevde meg, både på klubb- og landslag som keeper. Men det vart veldig trått til slutt, seier sognejenta.

(Saka held fram under biletet)

Ane Fimreite

VIL BLI FRISK: Ane Fimreite vaknar opp om morgonen og gler seg til å sovne att. Ho orkar ikkje noko.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Låg i senga i fire månadar

I fjor i oktober sa kroppen stopp. Det enda med at Fimreite vart lagt inn på Haukeland universitetssjukehus. Der vart kyssesjuke konstatert. Etter det vart ho meir eller mindre sengeliggande fram til jul.

– Det vart meir enn eg kunne takle. Eg har ikkje rørt ein fotball sidan september. Det er ein veldig overgang frå å spele fotball opptil sju timar for dagen, til å ikkje kunne gjere noko ein har lyst til.

Etter jul fekk Fimreite beskjed om at kyssesjuka var ute av kroppen.

– Men likevel er kroppen heilt daff. Eg orkar ingenting. Det verste er at legane ikkje kan gje svar på kva som feilar meg. Blodprøvene viser ingenting.

Panikkanfall

Fimreite kan også fortelje om panikkanfall der ho har kjent det som om ho ikkje får puste. Det har enda med legebesøk, og ved eit høve vart ho lagt inn på Psykiatisk avdeling i Førde.

Ane Fimreite

SPELAR FOR SANDVIKEN: Ane Fimreite (i gult) har ikkje sparka ball med klubbveninnene sidan i fjor haust. Ho orkar ikkje.

Foto: privat

Ho har vakna om natta med 140 i puls, noko som er meir vanleg nivå for joggarar.

– Ofte har eg vakna og tenkt at no gler eg meg til å sovne att.

For Sandvikaspelaren har alltid gledd seg over å få spele fotball og kunne gjere det godt der. Som 17-åring vakta ho målet då J-19 landslaget i 2011 vann sølvmedalje i EM i Tyskland. Men etter det har det gått nedover.

– Eg har ikkje følt meg bra sidan kampen der eg krasja med stanga. Men når du går til behandling, men dei finn ingenting på prøvene, men så klarer du ikkje eingong å lese ei bok, trene eller studere. Til slutt gjekk det ikkje.

Sjølv trur ho at kroppen var så nedkøyrt at ho vart meir mottakeleg for å få kyssesjuke.

– Eg har i grunnen hatt konstant hovudverk i fire år. Det er ikkje så lett å takle, seier Fimreite.

Bloggar om sjukdommen

I ein openhjartig blogg fortel Fimreite om korleis sjukdommen pregar livet hennar dagleg. Ho har fått mykje støtte og hjelp etter at ho valde å vere open om korleis sjukdommen har rive tak i livet hennar.

Fotballtalentet er takksam for måten familien stiller opp for henne.

– Fotballen er ikkje så viktig lenger når eg har det som no. Då verdset ein familie og gode, friske stunder høgare.

For mor Sigrun Liset har det vore tøft å sjå sjukdommen herje dottera.

– Det har vore hardt å sjå korleis Ane har vore sjuk, sjå at ho ikkje orkar noko. Det er veldig tøft for familien.

Familien har fått vere med Ane på kampar og eit høgdepunkt var Em-finalen i 2011 var eit høgdepunkt i finalen mot Italia.

Mora er sikker på at dottera vil bli frisk, med tida.

Ane Fimreite

VIL TILBAKE TIL FOTBALLEN: Fimreite har hatt mykje glede i å vere fotballspelar, og det vil ho tilbake til.

Foto: privat

Vil tilbake til fotballen

– Ho skal bli frisk. Noko med fotball blir det heilt sikkert, noko anna ville overraske meg, seier mora.

For Ane har det vore vondt å sjå korleis sjukdommen har prega familien.

– Dei har stilt opp og gitt meg masse omsorg, det set eg umåteleg pris på, seier ho.

Framleis har ho nok med å stå opp og ete. Ho jobbar seg tilbake ved å sette seg små daglege mål.

– Men eg saknar fotballen. Hovudfokus er å bli frisk. For eg skal tilbake.