Hopp til innhold

Keepertalent signerte for Rosenborg

Naustedølen Jacob Storevik (15) signerte måndag treårskontrakt med eliteserielaget Rosenborg.

Jacob Storevik

TIL RBK: Jacob Storevik sin neste fotballklubb blir eliteserieklubben Rosenborg.

Foto: Stig Høynes / NRK

Den talentfulle keeperen seier til firda.no at han spelar ut vårsesongen med FSK i 3. divisjon.

– Det stod mellom Sogndal og Rosenborg, men valet fall til slutt på Rosenborg. Der får eg veldig godt trenings- og kamptilbod samstundes som det utanomsportslege er veldig bra, seier han til NRK.no.

RBK frå i sommar

Rosenborg har lag i både 2. og 3. divisjon. Sogndal har sitt rekrutteringslag i 4. divisjon.

Storevik skal til hausten ta til ved Kristen vidaregåande skule Trøndelag. Skulen har ei fotballinje i samarbeid med Rosenborg og Kattem. Som einaste skule i Sør-Trøndelag har KVT toppidrettsstatus.

– Eg signerte papir på at eg skal bli Rosenborg spelar frå i sommar av. Eg skal også vere med Rosenborg på turneringar, så vi får sjå når eg reiser oppover, seier Storevik til NRK.

Spelte mot Ajax

– Eg kjem nok ikkje til å trene fast med A-laget, men det er veldig høgt nivå på juniorlaget sine treningar også. Vi får sjå korleis det går, held keeperen fram og fortel juniorlaget spelar i 2. divisjon.

Storevik har ved fleire høve vore i Trondheim. I november fekk han mykje ros frå trenarane i Rosenborg gutelaget deira vann 2-0 over Ajax i NextGen series. Turneringa svarar til meisterligaen for gutelag.

Gått fort

– Med tanke på framtidig landslagsspel, så håpar eg det blir lettare å bli lagt merke til hos Rosenborg, seier han.

15-åringen vedgår at overgangen til høgare nivå har gått langt raskare enn venta. I tillegg har han fått spele kampar med flagget på brystet. Ting har skjedd fort for Storevik.

– Eg signerte for Florø førre sommar og hadde ikkje håp om at ting skulle skje så fort. Du kan trygt seie det har gått overraskande lett, seier han. Vel vitande om at vegen framover blir både lang og hard.

G16-NM opna døra

Han trur semifinalen i G16-NM er årsaka til at Rosenborg fatta interesse.

– Det er nok litt tilfeldig at det vart Rosenborg. Berre ein månad etter at Florø møtte Rosenborg i semifinalen, så ringde dei, seier han og vedgår at han i framtida har håp om å ta steget ut i den store fotballverda.

– I framtida hadde det vore veldig gøy å spele i utlandet, men det har eg ingen von om no, seier han.

Nøgd Stensaas i RBK

Hovudtrenar for juniorlaget, Ståle Stensaas, er veldig nøgd med å sjå signaturen til Storevik på ei Rosenborg-kontrakt. Han legg også til at RBK ikkje plar reise ut om fylket for å hente 15-åringar til klubben.

No skal Storevik vere med i troppen som reiser til Benidorm på treningsleiar.

– Vi håpa veldig på å få signert han, så dette er vi veldig glade for. Jacob er ein veldig spennande og ung keeper som har ei veldig fin fotballframtid føre seg, seier han.

Kan bli A-keeper

– Kva kvalitetar hos Storevik er det som gjer at de hentar han.

– Han er eigentleg jamt bra på mykje. Spesielt på feltarbeidet og i tilslaget er han ganske langt framme i høve alderen. Så har han god reaksjon. Når han får vekse litt meir, så får han betre rekkjevidd og så må han bruke stemma meir til å dirigere spelarane framføre seg, seier han og trur Storevik kan bli ein framtidig A-keeper for klubben.

– Når vi hentar han, så håpar vi sjølvsagt på det. Det er veldig mykje opp til han sjølv, men vi vil satse ordentleg på han når han kjem. Vi har stor tru på han og vil hjelpe han på veg, seier den tidlegare landslagsspelaren.