Hopp til innhold

Keeperkjempe skadd på ubestemt tid

Sogndal må klare seg utan Piotr Leciejewski i søndagens 1. divisjons oppgjer mot Skeid.

Piotr Leciejewski, Lars Grorud og Daniel Lubieniecki

Piotr Leciejewski har stått stort sidan han kom inn som erstattar for skadde Terje Skjeldestad. No er han sjølv skadd.

Foto: Steinar Lote / NRK

Keeperkjempa har så langt levert ein stor sesong mellom stengene. Han har mellom anna halde buret reint i ni av sesongens 16 serie- og cupkampar.

Problematisk finger

I følgje sognavis.no vart det i dag klart at at han ikkje står oppgjeret mot botnlaget Skeid på Fosshaugane søndag. Polakken måtte gjennom behandling før den sterke 2-0-sigeren over Haugesund sist og har heller ikkje trena denne veka.

SJÅ ALLE SOGNDAL-MÅLA

- Det er eit lite bein i den eine fingeren som er problemet, det er uvisst kor lenge det går før han blir bra att, seier assistenttrenar Ole Hjelmhaug til avisa.

Duka for Grabowski

Leciejewski vart henta inn som erstattar for langtidsskadde Terje Skjeldestad. Det betyr at det meste ligg an til at Thomas Grabowski får sin debut som sisteskanse kommande søndag.

Sogndal vonar at Leciejewski er klar att til cupkampen mot Aalesund kommande onsdag.

Oppgjeret søndag vert eit reint topp mot botnoppgjer, mellom serieleiar Sogndal og tabelljumbo Skeid. Kampen kan du sjå på NRK sitt Nett-TV frå klokka 18, eller du kan følgje den minutt for minutt som tekstreferat .