NRK Meny
Normal

Keeperen redda og scora straffe - sikra pallplass for landslaget i toppturnering

Jacob Storevik frå Naustdal vart redningsmann for Noreg sitt G18-landslag i fotball. Fredag både redda og scora under den avgjerande straffesparkkonkurransen i kampen mot Slovakia.

G18-landslaget sikra seg 3.plass i turnering, med imponerande innsats frå keeper Jacob Storevik.

KEEPERHELT: Med ei strafferedning og ei straffescoring vart Jacob Storevik frå Naustdal (bak til venstre), redningsmann under kampen mot Slovakia i landslagsturneringa.

Foto: privat

– Eg er godt nøgd med kampen. I første omgang hadde vi godt spel, men så må vi gjere mange byte i andre omgang og då køyrer Slovakia over oss, fortel keepertalentet frå Sunnfjord.

Med godt forsvar og keeperspel klarer likevel laget å gå av bana etter 90 minutt utan baklengsmål. Då må bronsefinalen i åttenasjonarsturneringa avgjerast med straffespark.

– Eg redda Slovakia si siste straffe, og så scorar eg på vår siste. Det er sjølvsagt veldig kjekt, seier Storevik.

Dermed var han sterkt delaktig i at Noreg sikra seg tredjeplass i turneringa, der sterke lag som Russland, Japan, Belgia og Ukraina også deltok.

– Vi er godt fornøgd med plasseringa. Russland vann EM og både dei og Slovakia deltok i VM, så vi har fått god matching, seier Storevik som til vanleg vaktar målet til Rosenborg sitt andrelag i 2. divisjon.

Han starta karrieren i Tambarskjelvar, men gjekk allereie som 14-åring over til å spele for Florø, for å få spele på eit høgare nivå. Knapt eit år etterpå hadde han signert kontrakt med Rosenborg.

Krona pallplasseringa med bestemannspremie

Storevik seier han har hatt litt motgang på bana i klubben i det siste, så det var godt å få ein opptur med landslaget.

Storevik stod i mål under to av dei fire kampane som landslaget spelte. Turneringa avslutta han ikkje berre med å sikre tredjeplassen, han vart også kåra til den beste keeperen under turneringa.

– Eg vart veldig overraska då eg fekk prisen, eg kunne nesten ikkje tru det. Vi såg finalen mellom Russland og Ukraina, og begge dei laga hadde veldig gode målmenn, seier ein godt nøgd 18-åring.

I tillegg til å stå i mål for Rosenborg sitt andrelag, trenar han også med Eliteserielaget tre gonger i veka. Han håpar at også klubben og landslagsleiinga har lagt merke til innsatsen.

– Det er ein del turneringar framover, og det er alltid stort å spele med flagget på brystet. Eg ynskjer sjølvsagt å få vere med vidare, og håpar eg la inn ein god søknad no, seier Storevik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser