Hopp til innhold

Keeper signerer treårskontrakt med Sogndal

Sogndal Fotball og Kristian Rutlin har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2019.

Kristian Rutlin og Terje Skjeldestad

SKAL FÅ TID: Keepertrenar Terje Skjeldestad (t.h.) er godt nøgd med å få halde fram som trenar for Kristian Rutlin. – Kristian har jobba knallhardt, og har verkeleg fortent at klubben satsar vidare på han.

Foto: RUNE SJØBERG / SOGNDAL FOTBALL

Rutlin har vore ein del av keepergruppa sidan januar 2015, og fekk sin første obligatoriske kamp då han som 15-åring vakta buret mot Lysekloster i NM-cupen i 2015.

Sogndølen er veldig glad for å bli satsa vidare på i Sogndal.

– Det er fint å vite at klubben har trua på meg. Det gjer at eg blir trygg, og då kan eg utvikle meg betre, seier Rutlin i ei pressemelding frå klubben.

Dagens andre spelar

Sportsleg leiar Håvard Flo er nøgd med å ha sikra Sogndal dagens andre signatur på ei treårskontrakt.

Tidlegare i dag vart det kjent at 15-åringen Johan Hove får proffkontrakt.

– Vi vel å satse vidare med Kristian, då vi ser han tek nye steg heile tida. Han har hatt ei veldig flott utvikling, både som spelar og som type. Han har det som skal til for å bli ein skikkeleg god keeper, seier Flo og ser fram til å sjå keeper utvikle seg vidare i Sogndal.

Tre unge keeperar

Sogndal har denne veka fått på plass fleire brikker for framtida. I tillegg til dei to keeperane i dag, har både hovudtrenar Eirik Bakke og assistent/keepertrenar Terje Skjeldestad forlenga kontrakten.

Unge Rutlin peikar på eit godt miljø i den unge keepergruppa saman med Mathias Dyngeland og Stefan Hagerup.

– Eg ser eindel på Stefan og Mathias, og prøver å læra noko frå dei. Og eg meiner sjølv at eg lærer noko nytt kvar dag, seier Rutlin.

– Vi skal gi han tid

– Terje er ein tøff trenar, han stiller høge krav til oss og pusher oss heile tida. Samstundes er han ein god miljøskapar, slik at vi er eit team som jobbar saman, held keepertalentet fram.

Skjeldestad trur ein vil få sjå mykje av Rutlin i åra som kjem.

– Kristian har utvikla seg mykje den tida han har vore med oss, og vi skal gi han tid. Det er historie her i Sogndal for at unge keeperar får tillit og utviklar seg, seier keepertrenaren.